fredag 4. desember 2015

Fikenmarmelade




Fikenmarmelade er ein av mine store favorittar! Eg berre elskar brie med fikenmarmelade på! Det smakar rett og slett heilt himmelsk. Før eg byrja å lage den sjølv var eg ikkje så veldig begeistra - eg synest den kjøpte varianten var alt for søt. Så prøvde eg å lage etter oppskrift, men synest framleis den var i søtaste laget. Då laga eg rett og slett mi eiga oppskrift som er heilt perfekt etter min smak. Om du synest denne ikkje er søt nok, så er det berre å tilsette meir sukker. Men eg lovar - det er søtt nok:) Og du.....lag gjerne dobbel porsjon når du først er i gong for dette er supert å gje som gåve:)




Her er oppskrifta mi:
Gir ca. 5 små glas

FIKENMARMELADE

500g fiken
4dl konsentrert gløgg
4dl rødvin
100g brunt sukker
(vanlig sukker kan også brukast)
4-5 anisstjerner
2-3 ss sitronsaft

Skjer fiken i små bitar og ha det i ei skål el.lign. Slå gløggen over og la det stå og trekke minst ein time. Ha det i ei vid panne og tilsett rødvin, brunt sukker (eg brukte denne gongen halvt om halvt med mørk brunt og brunt demera sukker) og anisstjerner tilslutt. Kok opp og la det småkoke på svak varme ca. 30min. til mesteparten av væska har kokt inn og er sirupsaktig. Ta av skummet som dannar seg på toppen. Rør i panna undervegs. Tilsett sitronsaft tilslutt. Fyllast på reine og varme glas. Legg gjerne ei anisstjerne som pynt i glaset. Oppbevarast kjølig. Den blir nesten bedre om den får stå lagra ei stund. Etter eit år var i allefall min veldig god!



Mmmmm...dette er berre nyyydelig!






Håper fikenmarmeladen fell i smak!

Lukke til:)

mandag 30. november 2015

Julemanna



Julemanna, julemenn, kakemenn - eller julemannja som vi seier på breidaste sunnmørsdialekt høyrer defintivt jula til. Få ting tek oss vel så raskt tilbake til barndomen som lukta og smaken av nybaka julemenn. I min barndom var julemannbaksten førjulas høgdepunk. Og hjortesaltdunst saman med lukta av RX -lim, salmiakk og grønsåpe er lukter som tek meg rett attende til barndomen og førjula. Egentleg er eg ikkje så superglad i julemenn lenger, men skal eg først ete det likar eg dei best tjukke og mjuke. Og det vert dei med denne oppskrifta her.


Her er oppskrifta:

JULEMENN:

1/2 kg sukker
250g margarin
1/2 l mjølk
2ss hjortesalt
ca 1kg kveitemjøl.

Smelt margarin og tøm i mjølka. La det bli godt og vel fingervarmt. Tilsett sukker og hjortesalt og rør godt. Ha kveitemjølet i bakebollen og slå væska i medan du rører raskt saman. Ikkje rør for mykje då blir deiga tung og seig. Dekk med plast slik at overflata ikkje tørkar. Du kan godt la den stå og kvile kjølig ei stund men det er ikkje nødvendig. Kjevle ut ca 1/2cm tjukke leivar og stikk ut figurar med kakeformer. Leggast på bakepapikledd steikbrett og steikast  midt i omnen ved 200gr. ca 10 minutt. Avkjølast på rist. 



TIPS:
Om du ønsker det kan du godt male julemannane før steiking. Bruk ein tynn pensel og mal med lett hand. Det egnar seg kanskje best for den som ikkje bakar saman med små barn.

Kjevlar du deiga for tynt ut vert dei sprø, så vil du ha mjuke julemenn må du lage tjukkare leivar.

Oppbevar julemenn i tett kakeboks eller putt dei i frysaren og ta opp litt og litt. Dei tinar raskt.



Julemenn smakar aller best nysteikte....mmmm....




 Eg baka halv porsjon denne gongen og fekk ca 4 steikebrett.



 Julemanna og gløgg skaper julestemning og hygge,

Lukke til med baksten:)

tirsdag 24. november 2015

Fikenkake frå svigermors oppskriftsbok



Denne oppskrifta fekk eg av svigermor då eg var forhaldsvis nygift og budde på loftet hos henne og svigerfar. Ho laga den kvar einaste jul medan ho levde. Eg laga den også nokre gongar men synest aldri eg fekk den like god so hennar. Og det er vel typisk - den generasjonen hadde gjerne nokre knep som vi "ungfolane" ikkje hadde. No er det nokre år sidan ho forlet oss og mange år sidan eg har laga den. I år fekk eg plutselig lyst til å lage den, og som tenkt så gjort. Eg har endra bittelitt på oppskrifta og det trur eg var lurt for no synest eg den vart veldig god!  Den kan gjerne lagast nokre veker før jul slik at den får stå og "modne", men den kan også fint etast med det same.




FIKENKAKE:

4 store egg
250g sukker
250g kveitemjøl
300g fiken
150g rosiner
150g mandlar
revet skal av 1 sitron

Skjær fiken i bitar og hakk mandlane. Skill egga og pisk eggeplommer og sukker godt til det blir ein slags eggedosis. (I svigermors oppskriftbok sto det ein halv time men på den tida piska dei nok for hand) Ha i rosiner, fiken, mjøl og sitronskal og bland godt saman. Det blir ganske fast. Pisk eggekvitene stive og vend forsiktig inn i røra. Kle ei avlang form på 1,5 liter med bakepapir og fyll røra i . Glatt den på toppen med ein slikkepott. Steikast midt i omnen ved 180 grader i 50-60 min. Avkjølast i forma på rist. Pakk i plast eller folie når den er heilt kald og la den ligge til modning i kjøleskapet i 3 veker. Men det er lov å prøvesmake :) Om du fell for fristelse til å prøvesmake så la skalken vere att og så set du den på igjen slik at enden ikkje tørkar inn.



God og haldbar fruktkake med fin smak av fiken.


TIPS:
Om du vil ha ei lavere kake kan du bruke litt større form, f.eks 2 liter ,men då må du huske å redusere på steiketida.



Håper det kan freiste med svigermors fikenkake:)

Velbekome og lukke til!

søndag 22. november 2015

Rødløksmarmelade


 Rødløksmarmeralde smakar veldig godt som tilbehør til forskjellige typer kjøtt som f.eks vilt og svin. Personleg synest eg det er uunværleg til svineribbe. Litt arbeid er det å skjære opp løken - og litt tåredryppande...men det er vel verdt det! Eg har som vanleg prøvd meg litt fram og kome fram til ei oppskrift som eg er fornøgd med.





Dette gir ca. 3 små glas .
Lag gjerne dobbel porsjon når du først er i gong.
Det er også supert å gi som gåve!


RØDLØKSMARMELADE

1/2 kg rødløk
2ss smør
1ss olivenolje
1dl rødvin
2 ts. kvitvinseddik
1 ts brunt sukker(demera)
(evt. 1-2 ts solbærgele)
1/2 ts salt
1/4 ts pepar

Rens løken og skjer i tynne skiver. Smelt smør sammen med olje i ei vid panne eller steikepanne med høg kant. La løken surre ca 5 min på middels varme . Den skal ikkje bli brun, berre blank og falle saman. Legg på lokk og la det surre 10 min. Hell over rødvin og kvitvinseddiken.  Sett på lokk og la det putre på svak varme 20-30 min til løken er mjuk. Rør litt innimellom. Tilset sukker og rør rundt til det er oppløyst. Smak til med salt og pepar. Fyllast på reine og varme glas. Oppbevarast kjølig. Uåpna glas held seg i mange månader i kjøleskap. Eg brukar å lunke den litt ved servering.


Nydeleg tilbehør til ulike kjøtrettar.


TIPS:
14/12 - Eg har no oppdatert oppskrifta med 1-2ts solbærgele. Brukte det i dag då eg laga ny forsyning og det gav ein veldig rund og fin smak. Du kan evt. redusere litt på sukkermengda. 




Har du ikkje smakt rødløksmarmelade endå så er det kanskje på tide:)


Lukke til!

søndag 15. november 2015

Torsk i tomatsaus



 Det er ikkje alltid så lett å få born til å ete fisk. Her får du oppskrift på ei torskegryte med ein mild og god tomatsaus som eg trur dei fleste born vil like. Med ris til vert den svært så barnevenleg. Oliven kan fint serverast i ei skål ved sidan av om det er nokon som ikkje likar det.




Her er oppskrifta:
4 porsj.

600g beinfri torskefilét (sei kan også brukast)
2ss olivenolje
1 stor løk
1 raud eller gul paprika
2 fedd kvitløk
1 boks herm. tomat
12-15 svarte oliven
ca.2ss frisk timian eller oregano
(tørka kan også brukast, då ca.1ts)
ca. 1ts salt
ca. 1/4 ts pepar

Skjær løk og paprika i litt grove bitar, hakk kvitløken. Steik alt i olivenolje på middels varme i ei gryte eller steikepanne med høg kant.  La det surre nokre minutt til løken er blank men ikkje brun. Ha i hermetisk tomat og la det koke nokre minutt. Krydre med salt, pepar og halvparten av dei friske urtene. Skjer fisken i litt store bitar og legg den i tomatsausen. Kverne litt salt og pepar over fisken. La det trekke på svak varme til fisken er ferdig, ca. 8-10 min. Rist litt på panna innimellom, men ikkje rør. Legg på oliven mot slutten. Dryss over resten av urtene like før servering. Serverast med ris og evt. godt brød. Focacchia smakar ekstra godt til. Oppskrift på det finn du her .



Tips: 
Ønsker du ei gryte med meir futt i kan du tilsette litt frisk chili.
Du kan også lure nedi litt gulrot i små bitar om du har born som ikkje er så flinke å ete grønsaker. Då steiker du dei med frå starten av og koker tomatsausen nokre minutt ekstra.
Poteter kan sjølvsagt også serverast til i staden for ris.

Eg skriv ofte ca på mengder salt og krydder fordi det er så forskjellig kor salt og sterk ein likar maten. Det som er viktig er at du smakar undervegs i matlaginga.




Smakfull og deilig torskegryte som fell i smak hos dei fleste.


Då står det berre att å seie velbekome!
Håper det kan freiste å prøve denne sunne og gode
torskegryta:)

onsdag 11. november 2015

Svartsurbær (aronia) gele og syltetøy




Du har sikkert sett den....hekken som ut på seinhausten får fantastiske raud-orange fargar og er fulle av klasar med store svarte bær. Det er Aronia eller svartsurbær på norsk. Første gong eg smakte syltetøy av desse bæra synest eg ikkje det smakte spesielt godt, men det hadde ein litt spennande smak. No veit eg ikkje korleis dette var laga for eg fekk eit glas hos ei dame eg kjente. Bæra er ikkje så veldig gode å ete rett frå busken, men etter ein tur i frysaren eller etter ei frostnatt blir smaken litt mindre beisk og er fine å bruke til gele og syltetøy. Med litt eple i vert smaken endå mildare.

Svartsurbær er proppfulle av antioksidantar, så det er ein ekstra god grunn til å bruke desse bæra. Det finst ikkje så mange oppskrifter med aronia endå, så her har eg rett og slett eksperimentert meg fram til desse oppskriftene og eg synest det vart ganske så godt. 



Vi har ei busk med svartsurbær og den kom til oss på ein spesiell måte. For nokre år sidan oppdaga vi ei busk som utvikla seg på carporttaket som har torv. Vi reknar med at det er ein fugl som har sådd den. Mannen prøvde å verte kvitt den utan hell og tilslutt klipte han den heilt ned. Men nei....busken var standhaftig og ville overleve under veldig fattige kår. Ikkje før den plutselig ein vår sto full av kvite blomster forsto vi kva det var. 1 kg plukka vi første året - bildet under her er den frå den første avlinga. Sidan har det vore ein kamp mellom oss og fuglane for å hauste bæra først. Og fuglane har vunne dei fleste åra:) Vi har heile tida snakka om å flytte den ned på landejorda utan at det har vorte. Men i år hadde den blitt så stor at det var ingen vei tilbake. Etter å ha hausta heile 5kg av den spadde mannen rundt røtene og fekk lempa den ned på bakken og planta den i hagen. Så no håper vi at den overlever den brutale flyttinga.



Som sagt så har eg eksperimentert meg fram til oppskriftene med eit ganske heldig resultat. Men her er det rom for å lage sine eigne vriar med mengde eple, sukker  og ulike smakstilsetningar. Mine oppskrifter kan vere eit utgangspunkt.





Her er oppskrift på gele:

Som før nemnt bør svartsurbæra hatt ein tur i frysaren eller ei skikkelig frostnatt før bruk.

Eg fylte dampkokaren med bær og eple og fekk 2 liter saft som er utgangspunkt for vidare oppskrift.
Vog ikkje så nøye, men tippar ca 3kg bær og ca 1kg eple. Har du litt rips eller solbær i frysaren kan du også spe på med det. Epla skar eg berre i grove båtar og la alt lagvis i dampkokaren. Let det stå og dampe godt og vel 1 time til bæra hadde sunke godt saman og var temmelig fargelause. Har du ikkje dampkokar går det sikkert fint an å koke opp bæra med litt vatn og sile i eit klede. Men dette har eg ikkje prøvd med aronia.




Vidare oppskrift:

2 liter saft 
1kg sukker
1pk. grønn Certo-pulver
saft av 1 sitron
Hell safta i ein stor kjele og kok opp. Følg så framgongsmåten som står på certopakken, for gele. Tilsett tilsutt safta av sitronen. Hellast i små reine og varme glas. Eg brukar å vaske glasa godt og skylle dei i varmt vatn og så sette dei steikomnen på 100gr. varmluft i 5-10min. Pass fingrane når du handterer dei varme glasa og geleen! Eg har alltid gummihanskar på meg når eg held på med dette. Oppbevarast kjølig.




Geleen smakar utmerket på brie! Nam nam....






Så oppskrifta på syltetøyet:

1,5kg svartsurbær(viktig at dei er modne)
0.5 kg eple
1lite stk. heil ingefær(1,5 -2cm i tommeltjukkelse)
1dl rødvin (kan sløyfast, ta då litt meir vatn)
4dl vatn
ca.750g sukker
1pk syltepulver
safta av 1 sitron
Rens og skyll bæra, skrell epla og skjær dei små bitar. Leggast lagvis i ei stor panne. Skrell og hakk ingefær smått opp og dryss over. Slå på vatn og rødvin, kok opp og la det koke på svak varme ca. 20 min. Rør i av og til. Tilsett sukker og syltepulver etter avinsning på pakken. Rør godt ut og tilsett sitronsafta. Fyllast på reine og varme glas. Oppbevarast kjølig eller i frysar. Skal du fryse syltetøyet må du passe på å ikkje fylle glasa heilt fulle for då kan dei sprekke i frysaren.





Då håper eg nokon vart freista til å lage gele eller syltetøy av svartsurbær.

Lukke til!


TIPS:
I mangel på blåbærsyltetøy til pannekakene brukte vi arononiasyltetøy og det smakte veldig godt!
Laga grove pannekaker som vart veldig gode. Skal kome med oppskrift ved eit seinare høve.

fredag 6. november 2015

Ostekake med yoghurt og lime




Lurer du kva slags kake du skal lage til farsdagen?
Kanskje du skal overraske far i huset med denne friske og syrlige oste/yoghurtkaka.
Ei nydelig kake som vil falle i smak hos dei fleste.



Her er oppskrifta:

Botn: 
300g kjeks (f.eks Bixit eller safari )
120g. smør
Sett steikomnen på 175grader. Kle botnen av ei springform på 26cm med bakebapir og sett på ringen.
Smelt smøret. Knus kjeksa og bland dei i det smelta smøret. Trykk massa jamt utover botnen av forma og steik midt i omnen ca. 10min. Avkjøl.

Ostefyllet:
200g kremost naturell
1 stort beger yoghurt melon/pasjonsfrukt
100g melis
2ts vaniljesukker
8pl. gelatin
3 dl. kremfløte
saft og skall av 2 lime.
-------
1pk gul el. grønn gele til topping

Legg gelatinen i bløyt i kaldt vatn ca 5 min.
Visp kremost, yoghurt, melis og vaniljesukker til det er glatt og jamt.. Pisk fløten stiv og bland den inn i oste/yoghurtmassa. Smelt gelatinen i limesafta og avkjøl litt. Rør gelatinen inn i ostekremen. Tilsett revet limeskal, kun det grønne. Løys kjeksbotnen forsiktig frå bakepapiret og legg den på serveringsfatetog sett på ringen. Pass på at ringen ligg tett inntil botnen. Hell ostemassa over botnen og la det stå kaldt til kremen er heilt stiv.
Kok gele av pakken men bruk berre 4dl vatn, Avkjøl slik at den er kald men ikkje har begynt å stivne. Hell  geleen over kaka når ostekremen er heilt stiv og sett kaka kaldt til geleen er stiv.
Pynt kaka etter eige ønske. Friske bær er alltid fint.





TIPS:
Ønsker du ein anna smak enn lime kan du fint bytte ut med  f.eks. sitron eller appelsin.




Håper kaka fell i smak.
Velbekome:)