lørdag 31. januar 2015

Havrekjeks med sjokolade og eit hint av salt.


Har du lyst på noko søtt og litt salt til helga? Då skal du få oppskrift på nokre himla gode 
havrekjeks med sjokolade og maldonsalt. Eg elskar kombinasjonen søtt (særlig sjokolade) og salt!
 Desse kjeksa er farleg gode....  her nyttar det ikkje berre med eit i gongen så eg tilrår at du puttar dei i frysaren fortare enn svint elles så er dei vekke før du får sukk for deg:)
(Men ikkje putt alle i frysaren då.....)

Du treng:

200g smør
3dl.sukker
1ts.vaniljesukker
2 egg
3dl. kveitemjøl 
1ts.bakepulver
1ts.maldonsalt
6 1/2 dl. havregryn
200g. grovhakka mørk kokesjokolade
 litt ekstra maldonsalt til å drysse over

Visp smør, sukker og vaniljesukker kvitt og visp inn egga eit om gongen. Bland i det tørre og den hakka sjokoladen tilslutt. Form/trill kuler og legg dei på bakepapirkledd steikebrett. Ha litt avstand mellom for dei flyt ein del utover. Trykk dei litt flate og dryss over litt maldonsalt. Eg fekk ca. 36 stk, og då synest eg dei vart passe store. Eg tok opp deig med ei spiseskei og trilla kuler av den mengda som fylte skeia. Vil du ha større kjeks tek du meir deig.
Steikast på 180gr. 12-15min. Avkjølast litt på plata før du legg dei på rist.


 Mmmmm....farleg gode!




 Desse kjeksa smakar nydeleg til ein god kopp kaffe.
Dei er sprø og litt seige inni.



 Oppbevarast på tette glas, i boks eller i frysar.




Lukke til og velbekome:)

Eg gler meg i allefall til kaffe i dag for eg har nysteikte kjeks på kjøkkenbenken;)
God helg!

Helsing Alva.


6 kommentarer:

  1. Så god du er!! Dette ser kjempegodt ut!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Annie :) Koselig at du legg igjen ei helsing til meg.
      Kjeksa er så farlig gode at det er vanskelig å stoppe i tide :) Berre å prøve!

      Slett
  2. Oij, desse ser kjempegode ut, MÅ prøve !
    Og kjempefine bilde.
    Den er flotte nyebloggen, du er så kreativ og har så mykje godt å gi tips om.
    Kjekt !!

    Laurdagsklem frå Anne-Mari som køyrde ein tur til Ørstahallen og
    såg barnebarn i handballkamp. På hytta igjen no, korte avstandar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for dei gode orda, Anne-Mari! Har mykje meir på lager men som sagt så må alt lagast først og dokumenterast så det kjem nok til å gå litt i rykk og napp.
      Ja desse må du prøve - dei er skikkeleg gode!

      Så artig at du har vore i Ørsta i dag då;) Var fint i dag.

      Slett
  3. Veit du? Den matbloggen din er berre heilt topp! Så freistande oppskrifter med så gode forklaringar. Desse kjeksa passar nok heilt til min smak. Både dei og andre ting skal prøvast før eller seinare.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Edny! Det var fantastisk kjekt å høyre :) Veldig fint med tilbakemeldingar - både ris og ros. Det er sikkert ting som kan forbedrast også. Dette har eg tenkt skal vere ein blogg utan dei veldig fancy rettane og stort sett chili-fri sidan eg er ekstremt allergisk mot chili. Dei som ønsker det kan putte det i der dei vil:)
      Tenker å presentere mine favoritt-oppskrifter som er vel utprøvde. Og dei fleste har eg omarbeidd frå ut i frå andre oppskrifter. Lukke til med å prøve :)

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!