lørdag 17. januar 2015

Knekkebrød



Her er oppskrifta på mine gode knekkebrød. Veit at det finst utallige oppskrifter på slike knekkebrød men her er i allefall mi som eg har prøvd meg fram til og er superfornøgd med.




GROVE KNEKKEBRØD

2dl. havregryn
    2dl. sammalt rug
       2dl.solsikkekjerner
2dl.sesamfrø 
2dl.havrekli
1dl kruskakli
1dl linfrø
                                           2dl.finhakka valnøtter (kan sløyfast, evt.  
                           byttast ut med  gresskarkjerner
      2ts.salt            
7,5dl. vatn      
        

Bland alt i ein bolle og la det stå og svelle i ca. 20 min.



Fordel alt utover 3 steikebrett med bakepapir.
Det kan vere litt vanskelig å få det jamt utover...eg brukar ei slik steikespade som vist på bildet og smørjer det utover med den.



Så kjem min lille "løyndom":
Når alt er smurt jamt og fint utover drysser eg eit godt lag med sesamfrø over.
Bruker så steikespada og trykker frøa litt fast i røra slik at det ikkje rauser av når dei er steikte.


TIPS:
Du kan også byte ut 1ts salt med vel 1ts maldonsalt som du stør over tilslutt.
Nam nam:)



Så set eg alle bretta i steikeomnen på varmluft 150 grader og let dei stå i 10min før eg tek dei ut att og ruter opp med eit pizzahjul. Steik vidare i ca. 1 time og 10 min. Men her må du sjekke undervegs for omnane er så forskjellige. Det som er viktig er at du huskar å lufte undervegs i steikeprosessen. Opne steikeomnsdøra med jamne mellomrom og slepp ut damp! 



Her er mine ferdigsteikte. Nam nam!




Oppbevarast i tett boks eller glas.



Lykke til!

Helsing Alva.


3 kommentarer:

  1. Eg lagar ein variant som likna litt på denne, men eg brukar å ha det på to brett.
    Neste gong skal eg prøve å ha det på tre brett, for det er ein tendens til at dei som ligg
    i midten ikkje er like sprø som dei på kantane. Då brukar eg å la desse stå 5 min til.
    Takk for tipset.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Slike lagar eg stadig vekk, faktisk akkurat lik oppskrift, fekk den av ei på jobb som hadde med seg smaksprøver!! Litt finare finish slik som du gjer med sesamfrø!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er kjempegode knekkebrød dette og sesamfrø på toppen gjer dei ekstra gode;) Eit lite dryss maldonsalt er også veldig godt!

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!