mandag 2. februar 2015

Frå skulekjøkenet.


Som eg har skreve her på sida så fekk eg den første interessa for matlaging via skulekjøkenet.
Allereie på barneskulen huskar eg kor kjekt eg synest det var når vi skulle lage mat. Kan ikkje huske om vi hadde det fast på timeplanen eller det var berre av og til. Huskar i allefall at vi laga julemanna.
Men på ungdomsskulen kom det fast på timeplanen og det var timar eg verkeleg såg fram til.
Husstell og forming var dei faga eg likte best. Matte og gym var det eg likte minst. 

 Eg har funne nokre av bøkene mine frå hustelltimane på ungdomsskulen. Og som du ser over her så har eg verkeleg gjort meg flid :) Dette var det vi laga første timen hausten 1975 - pannekaker - men eg trur ikkje vi fekk lov til å snu dei slik som han eg har teikna. Er usikker på kven eg har brukt som modell....sveisen er det i allefall ikkje noko å seie på - heilt tidstypisk!



 Ingen tvil.....



 men denne synest eg tok kaka.....kreativ tolking av horn.
Men om du ser nøye etter så ser du at eg først har teikna rett type horn men så viska ut, sikkert for å prøve å vere litt humoristisk:)



 Og for dei kreative teikningane og sikkert litt til vart eg kreditert med ein m - meget godt :)



 I andre enden av boka - oppned - var teorien nedskreven. Må berre ta med denne sida der det er knappe tre linjer om fars rolle i barnestellet. Ja ja....verden har heldigvis gått framover sidan den tida.



Enkelt og greitt. Sånn er det berre.


Artig å sjå i slike gamle skulebøker og sjå korleis tidene har endra seg. Mange av oppskriftene er framleis gode som gull sjølv om ikkje alt vi laga fall like godt i smak. Huskar med skrekk og gru havpizza med torskerogn og sildepannekaker! Ikkje særleg freistande å prøve igjen nei....
Men det kjem nok til å dukke opp andre oppskrifter frå den tida etterkvart så heng med :)


Eg har også lyst til å ta med ei anna historie relatert til skulekjøkenet. Trur dette må ha vore då vi gjekk på barneskulen. Eg var på vitjing hos besteveninna mi og vi fann på at vi skulle lage semulepudding for det hadde vi laga på skulekjøkenet og synest det var veldig godt. Så vi sette i gong, miksa og rørte i hop det som skulle til, hadde det i ein bolle og sette det på spiskammerset slik at det skulle stivne. Men det varte og rakk - puddingen vart aldri stiv same kor lenge den sto. Så kom mor til veninna mi frå fjøset og lurte på kva vi hadde styra med. Det fekk ho vite og også vår otte for at den ikkje vart stiv. Då hauk-lo ho og kunne fortelle at den måtte KOKAST først! Det hadde ikkje vi huska på, berre rørt i hop kaldt.  Moralen må vere - les alltid oppskrifene nøye!

Ikkje semulepudding men russedessert. Også ein klassikar frå skulekjøkenet.


Det vart eit litt annaleis innlegg i dag, men eg tenkte det kunne vere artig å sjå korleis det var den tida interessa mi for matlaging vart vekt. I tillegg til skulekjøkenet så var eg så heldig at eg nesten fekk boltre meg fritt på kjøkenet heime - berre eg rydda opp etterpå.


Neste gong får du oppskrift på noko søtt og godt igjen :)

Ha det fint så lenge.

Alva.

4 kommentarer:

  1. Dette innlegget kunne eg ha skrive sjølv, og hadde det ikkje vore for dei imponerande teikningane, så kunne det ha vore frå mi oppskriftsbok også! Veldig lik skrift! Vi er nok av same generasjon og med same interesser! Eg blei så interessert i matlaging, at eg brukte nesten all fritida mi til å skrive av oppskrifter, klippe og lime, eller drøyme meg heilt bort i ei kokebok. Laga mat heime, og når mamma meinte det var nok, gjekk eg til bestemor og lurte på om eg skulle bake til henne. Må innrømme at eg har blitt sløvare med åra, men kunnskapen har eg med meg;)
    Hugsar godt både horn, minuttpudding og russedessert. Det siste laga eg forresten med mine elevar nyleg. Det var nytt for dei, ja;)
    Det er nettopp fordi maten du presenterer ikkje er så spesiell, at eg likar så godt innlegga dine. Og sterk mat tiltalar meg ikkje;)
    Og eg brukar endå boka eg skreiv oppskrifter i den tida, same kor den spriker i alle endar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette var artig å lese, Edny! Det ser nesten ut som vi er tvillingsjeler vi to med så like interesser! Eg også klipte og limte, ja eg har faktisk vore på leiting etter ei bok som eg laga til men finn den ikkje igjen. Og eg må også stadig tilbake til dei gamle bøkene mine etter oppskrifter sjølv om det er enkelt å søkje opp kva det skal vere på nettet.
      Det er noko med dette gamle og trygge...sjølv om sukkermengda er uhorveleg stor på enkelte kakeoppskrifer:)

      Slett
  2. Artig å lese kommentarane dokka !
    Og kjekt å lese innlegget.
    Eg er så gamal at skulekjøken var ikkje på timeplanen...
    Og ikkje har eg gått husmorskule, så det er ikkje rare greiene av matlagingskunnskap,
    men faktisk likar eg bra å lage mat.
    Så no skal eg snart lage nokre av oppskriftene dine.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Anne -Mari, etter det eg har sett har du massevis av kunnskap om matlaging! Har ein interessa kan det meste lærast ved å lese og prøve. Og det gjeld vel det meste her i livet:)
      Spent på kva du skal lage herifrå, rapport mottakast med takk:))

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!