tirsdag 24. februar 2015

Furulysalat


Huskar du skulekjøkenets Furulysalat?
 Den har eg no leita fram frå gløymselen og laga min eigen variant av. Og den er faktisk veldig god. Den er saftig og frisk og passar godt til f.eks. steikt fisk, fiskekaker, fiskegrateng osv. 

  
Dette treng du til 4 pers:


FURULYSALAT A'LA ALVA

2-3 gulrøter
1 skalk haudekål(kan sløyfast)
1 eple (2 om du droppar kålen)
1 appelsin
1 "neve" rosiner
----
2 ss. sitronsaft
2ss vatn
1/2 ts. sukker

Skrell gulrot og eple og rasp på eit rivjern. Snitt kålen. Brukar du ostehøvel får du tynne fine strimlar. Skjer appelsina i bitar og bland alt saman.  Rør ihop ingrediensane til dressingen og bland inn.
Ferdig!



 Husk og lage rikelig for dette er så godt at det forsvinn som dogg for sola!
Eg kom heim frå butikken utan kål så eg laga den utan det denne gongen. Men godt likevel!



Ser det ikkje freistande ut vel?
Berre prøv!

Velbekome!

Alva

2 kommentarer:

  1. Jau, dette ser freistande ut.
    Eg kan hugse slik salat frå min ungdom.
    Kanskje vil små og store like denne ? Eg skal prøve. ved høve.
    Når det gjeld baksten min så blir det litt grovt i det eg bakar òg, men kanelsnurrar og bollar er unnataket.
    Groverundstykka mine er dei begeistra for.
    Eg likar godt mykje korn i brød, men det er ikkje dei minste glad si så eg har ein sort
    heime og ein sort brød på hytta...
    I dag har eg laga knekkebrød igjen, la dei på 3 brett etter råd frå deg, og det blir gode og sprø
    stk.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Trur kanskje dei små vil like denne sidan det er ein del frukt i den. Kanskje ein ide å la dei hjelpe til med laginga?
    Grov bakst er gode greier! Min mage tåler dårleg gjærbakst med mykje fint mjøl difor vert det grovast mulig her i huset.
    Men det finst vel ikkje noko som smakar betre enn nysteikt søt og deilig gjærbakst:)
    Kjekt at knekkebrøda dine vart sprø:) Synest dei er best når dei er tynne og sprø....så får ein heller ete eit ekstra...hi hi:)

    SvarSlett