fredag 13. februar 2015

Fylt pita

Har du hatt den kjensla - 
du er så lei av laurdagskos-maten og har såå lyst til å finne på noko nytt....men endar opp med den same pizzaen som før eller taco. Slik hadde eg det nyleg. Etter å ha leita litt rundt på nettet etter ny inspirasjon enda eg opp med for oss ein ny variant av fylte pitabrød.

 Har hatt fylte pitabrød før men då i litt kjedelegare variantar.

Det eg laga var biffstrimlar steikt i ei nydeleg krydderblanding, tomatsalsa og rømmedressing med masse kvitløk. Det var berre vellæte rundt bordet denne laurdagskvelden:)


Her er ca. det du treng til 4 personar:

4 -8 pitabrød
( så mange du trur gjeng med)

Ca. 400g. biffkjøt i strimlar

krydderblanding:
1/2 ts.salt
1/4 ts chili
1ts.paprika
1ts.kvitløkskrydder
1ts.oregano
1ts. malt koriander



 Bland alle krydder og ha det i det oppskårne kjøtet.
Set det til side ei stund.



TOMATSALSA:

2 -3 tomatar
1/2 - 1 rødløk
2 vårløk
nykverna salt
grovkverna peppar
evt. litt frisk basilikum

Skjer tomat i bitar, hakk løk og vårløk og bland alt saman. smak til med salt og peppar og dryss litt frisk basilikum over(kan sløyfast).



RØMMEDRESSING:

1 beger lettrømme
2-3 fedd kvitløk
2ts majones
saft av 1/2 lime
litt sukker
salt-peppar
Press kvitløken med ei kvitløkspresse og bland i rømmen. Ha i resten og smak til.





Steik biffstrimlane raskt i smør. Hald kjøtet varmt til det skal brukast.




Kva ein vil servere til kan vere valgfritt. Grønn salat er sjølvskreve. I tillegg vart det mais hos oss.
Det vart pitabrød frå frysedisken denne gongen men neste gong vert det heimelaga!



Utruleg smakfult og godt, dette kjem eg definitivt til å lage fleire gongar!

Velbekome!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar