søndag 1. februar 2015

Fylte focaccia



 Huskar du eg sa at eg hadde ein plan med focacciane då eg hadde det innlegget?
Eg laga dei litt lave for eg hadde hadde tenkt å bruke dei til noko spesielt. Og dette var det eg skulle bruke dei til -  fylle dei med masse godsaker og bruke det som lunsjrettar.


Den første her har eg fylt med bl.anna røykelaks og sitron.



Til denne varianten treng du:


Smøreost (naturell el. med urter)
Rapidsalat el.liknande grønne salatblad
2-3 skiver røykelaks
sitron i skiver
tomat eller paprika
ruccola
dill
Del focacciaen i to og smør godt med smøreost utover begge delane. Legg salatblad på underdelen, røykelaks i ønska mengde (dander den fint til slik at det blir litt luftig) legg på tomatskiver eller skiver av paprika, dryss på ruccola og legg på 2-3 sitronskiver.  Topp det heile med nokre kvastar fersk dill. Legg toppen på og vips - ferdig!

Enkelt, raskt og kjempegodt!



 Supert til lunsj, som kveldsrett eller fin-fin gjestemat.




Så til den andre varianten.
Denne har eg brukt blant anna spekeskinke og brie på. Sprøsteikt bacon kan også nyttast.


Her treng du:

Grønn pesto
salatblad
3 skiver brie
3 skiver spekeskinke el. sprøsteikt bacon
tomat i skiver
valnøtter
ruccola
balsamicoeddik.

Del brødet i to og smør pesto på begge delane. Legg salatblad på underdelen, så brie og spekeskinke. Krøll skinka litt saman så det blir litt luftig. Legg på tomatskiver og valnøtter, dryss over rikelig med ruccola. Drypp nokre dråpar god balsamicoeddik over det heile til slutt.
Legg på toppen - gjerne litt på snei så ser det meir proft ut :)
Ferdig!!



Kan nesten ikkje gjerast raskare enn dette:)


Oppskrift på focaccia finn du her .


TIPS:
Del opp passe stykker av focacciaen før du frys den så er det enkelt å ta fram når du treng noko raskt.
Tinast i micro eller på varmluft. Men pass på - den blir fort tørr på varmluft så kanskje tinast litt i microen først og skjerpast litt i omnen etterpå.

Lukke til og nyyyt!!


Takk for mange fine kommentarar og tilbakemeldingar - set stor pris på det!
Tek gjerne i mot både ris og ros. Har du ønske om ei oppskrift så kom gjerne med det 
så skal eg sjå kva eg får til.

Helsing Alva.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!