torsdag 12. februar 2015

Grove bollar med frukt og nøtter


I dag får du oppskrift på alternative fastelavnsbollar.
Desse bollane er baka med grovt mjøl og masse gode tørka frukt og nøtter. Dei er smakfulle og saftige og hakket sunnare enn dei tradisjonelle kveitebollane. Her kan du bruke det du har i hus av tørka frukt. Har du igjen fiken eller dadlar frå jul er det ein fin måte å få brukt opp. Og doble gjerne oppskrifta når du først er i gong for desse er kjekke å ha på lur i frysaren. Supre som turmat!


Til ca. 20 bollar treng du:

GROVE BOLLAR

100g. smør
5dl. mjelk
50g gjær
1dl. brunt sukker
1/2 ts.salt
1ts. kardemomme
ca. 700g. grovbakstmjøl
175g. tørka frukt (fiken,aprikoser, svisker,rosiner,tranebær, dadlar)
75g. valnøtter og /eller hasselnøtter (sløyfast ved allergi)

Smelt smøret, ha i mjelk og rør ut gjæra når væska er fingervarm. Tilsett sukker, salt, kardemomme, mjøl, frukt og nøtter. Elt godt saman Er deiga litt laus sper du på med litt kveitemjøl eller meir grovbakstmjøl. Sett til heving til deiga har dobbel størrelse, 40min - 1time. 



Trill ut bollar og etterhev i 30-40min.
Steikast midt i omnen ved 225gr. ca. 15minutt.


 Ferdig steikte.



 Fulle av fiber og god smak!



Brukar du dei til fastelavnsbollar så smører du litt bringebærsylte på begge snittflatene, legg på ei raus skei med krem og legg på toppen. Dryss over litt melis og nyyyyt!

Håper bollane fell i smak,
lukke til!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar