lørdag 21. februar 2015

Grove vafler


I dag kan eg byde på skikkeleg grove og sunne vafler.
Desse er gode med både rømme og syltetøy, brunost eller du kan droppe sukker i røra og bruke dei i staden for brødskiver. Kjekke som nistemat på tur foreksempel.



Til ca. 8 vaffelplater treng du:

GROVE VAFLER

4 egg
1/2 dl rørsukker (eller kvitt sukker)
2dl. yoghurt naturell
5dl mjelk
2 dl.havregryn 
3,5dl. fibra eller grovbakstmjøl
2ts vaniljesukker
1/2 ts.salt
3ss.rapsolje 

Rør egg og sukker lett saman og bland i yoghurt og mjelk. Tilsett resten og rør saman til ei jamn røre. La den svelle ca. 30 min. Tilsett meir mjelk om du synest røra vert for tjukk.



Som du ser er det lite sukker i denne oppskrifta. Slik likar vi det her i huset og denne oppskrifta er heilt og haldent mi eiga. Vil du ha dei søtare brukar du meir sukker, eller det kan også sløyfast heilt om dei skal brukast med pålegg av ymse slag. Om du vil ha dei litt mindre grove byter du berre ut  litt av det grove mjølet med kveitemjøl.



Håper vaflene fell i smak!

Velbekome og lukke til:)

Alva

4 kommentarer:

  1. Takk for oppskrift som ser god ut.
    Laurdagsklem

    SvarSlett
  2. Dette blei nesten komisk, for no tok eg meg ei nysteikt vaffelplate i handa og skulle kose meg med bloggbesøk. Og det første eg treff på er di oppskrift, som liknar veldig på det eg hadde i røra i dag. Men i mine "dæsjemål", så var det sikkert meir havregryn og mindre fibra, og litt kveitemjøl også. Følte at dei var sunne, men dine er nok endå sunnare. Godt smakte det i alle fall etter tur i slapseværet. Og så hadde eg ein del meierismør også...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hi hi....det var då litt av eit samantreff! Rett morosamt vil eg seie :) Her kan ein i grunnen slumpe og dæsje slik som ein vil...godt vert det nesten uansett! Det er slik eg også gjer det vanlegvis, men denne gongen måtte eg måle slik at eg hadde ei oppskrift å vise fram. Meierismør er supergodt i vafler, men hakket sunnare med rapsolje.

      Slett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!