lørdag 28. februar 2015

Himmelske småkaker med toffifee




Heia Norge og gratulerer til Therese Johaug og Marit Bjørgen med gull og sølv på 3 mila i Falun!
Det flotte resultatet måtte sjølvsagt feirast litt her i huset også og det gjorde vi med desse nysteikte småkakene med toffifee konfekt i. Og desse smakte himmelsk godt!




Denne konfekten er ein av mine favorittar og farlig å ha i hus for det er umulig å ta berre ein. 
Så då måtte sjølvsagt oppskrifta med desse som ingrediens testast ut. Dei skulle egentlig lagast i små muffinsformer men det hadde ikkje eg i hus så då laga eg dei som småkaker i staden. Dei vil nok få ein finare fasong i muffinsformer så det må eg huske og kjøpe til neste gong.





Her er oppskrifta:
30 stk.

200g smør
1 dl. sukker
4.5 dl. kveitemjøl
1ss vaniljesukker
1ts.bakepulver
--------
2pk. toffifee konfekt.
kokosmasse

Rør smør og sukker kvitt og luftig. Bland alt det tørre og rør inn i smørkremen. Form deiga til ei pølse og la den kvile i kjøleskap 30-60 min. Trill ut 30 kuler og legg dei i små muffinsformer. Lag ei grop i kvar kake og dryss i litt kokosmasse og trykk 1 toffifee ned i gropa. Steikast midt i omnen ved 180 grader 12-15 min. Mine måtte ha 15 min. Dryss litt kokosmasse over mens kakene er varme. Avkjølast på rist.




Så er det berre å vente på at dei vert så kalde at dei kan smakast på!



Mmmmmmm.....dette er godt!





Kanskje toffifee er din favoritt også?
Då må du prøve desse!

Alva.

3 kommentarer:

  1. Det ser godt ut,
    men med nøtteallergi ser eg ikkje til den kanten...hehe

    God søndagsklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja dette smakte veldig godt! Forstår at det kan vere ei utfordring med nøtteallergi, men då gjeld det å vere kreativ og finne andre løysingar. Og det er eg sikker på at du er, Anne-Mari! Her kan ein kanskje bytte ut toffifee med Smil....det trur eg jammen eg skal prøve neste gong! Billegare sjokolade også det:)

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!