fredag 6. februar 2015

Iskake i litt ny drakt.


Eg har blåse støv av ein gammal klassikar frå 80 og 90 talet, daim-iskaka.
Den var sjølvskreven på alle kakebord på den tida og eg har ikkje tal på kor mange eg har laga.
Det var gjerne den kaka eg vart spurd om å lage til festlige lag. Trur eg gjekk meg litt lei på den for no har eg ikkje laga den på veldig mange år.

Men då eg oppdaga at daim-sjokoladen var komen med mint smak og etter å ha prøvesmakt den og funne ut at den smaka heilt himmelsk tenkte at den måtte eg prøve i ei iskake.




Så då måtte eg leite fram ei av mine gamle oppskriftsbøker for å finne oppskrifta.

Og slik er den:

ISKAKE MED DAIMSJOKOLADE.

3 eggekviter
1,5dl.sukker
100g. mandlar 

Sett omnen på 175g. Dekk botnen av ei form på 24 cm. med bakepapir og sett på ringen.
Pisk eggekviter og sukker til stiv marengs. Mal mandlane i mandelkvern eller med foodprosessor.
Vend dei malte mandlane forsiktig inn i marengsen med ein slikkepott og fyll i forma.
Steikast midt i omnen ca.35 min.

Avkjøl botnen før du løyser den forsiktig frå forma og tek vekk bakepapiret. Gjer forma rein og legg botnen attende i forma.




TIPS:
Synest du det er vanskeleg å få av bakepapiret så legg du botnen forsiktig oppned på eit fat eller liknande (legg fatet oppned over botnen og snu), dreg av bakepapiret og legg botnen på forma over før du snur heile greia igjen. Ta vekk fatet og sett på ringen.

Eller du kan også la botnen stå på faten og sette på ringen -  men då må du vere sikker på at det er heilt tett rundt kanten. 



Så skal du lage iskremen.

Då treng du:

3 eggeplommer
75g sukker
5dl. kremfløte
1/2dl. kaffe
3 plater gelatin
2 doble daim (med eller utan mint-smak)

Legg gelatin i bløyt i kaldt vatn. Visp eggedosis av eggeplommer og sukker. Stivpisk fløten og bland forsiktig inn eggedosisen. Løys gelatin opp i varm kaffe og avkjøl litt. Ha det i kremblandinga litt etter litt medan du rører.  Hakk eine doble daimen og bland inn i kremen.  Tøm blandinga over botnen. Hakk den andre daimen og strø på toppen. Set kaka i frysaren og lat den stå nokre timar til den er gjennomfrosen. Takast opp ein halvtime før servering.





Klar til å settast i frysar.



 Klar til å nytast....
og eg synest  absolutt at den ikkje var noko dårligare med mintsmak!
Men no er eg veldig glad i alt som smakar mint då:)



 Pyntast gjerne med bringebær.
Bringebær mot mintsmaken var heilt perfekt!

Måtte sjølvsagt servere kaka på mitt høgt elska mintgrønne Sissel-servise frå Figgjo!



Gammal klassikar i litt ny versjon - med mintsmak.

Og er du ikkje like glad i mint som meg så brukar du den vanlege.

Kanskje du vart freista til å lage den som morsdagskake?
Kjekk kake å ha i frysaren i allefall:)


Helsing Alva.

4 kommentarer:

  1. Denne er det lenge sidan eg har laga, kanskje på tide å finne fram litt "gamle" oppskrifter! Har ikkje sett Dajm med mint på butikkane her, men ser at det står "limited edition" på dei, og det er partivare som det berre blir laga nokre få av (i forhold til dei masseproduserte), så da så..!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for opplysninga, Annie.... då trur eg at eg må hamstre! Her er det den lokale Spar butikken som fører dei...kanskje det berre er eit prøveprosjekt:) Ja ta no og leit fram dine gamle oppskrifter...det er in med retro veittu ;)

      Slett
  2. Nam..
    Denne likna på mi, men eg brukar ikkje gelantin, har aldri opplevt at den sig utover når den står framme.
    Kanskje eg skal prøve med den nye sjokoladen.
    Var innom Mega i dag, dei brukar å ha ting som dei andre ikkje har, såg etter byggris, men dei hadde ikkje.
    Må kanskje til Ørsta for å få den...

    Nattaklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anne- Mari!
      Ja dette er snadderkake:)
      Det går også fint utan gelantin, ser at nokre oppskrifter har det og andre ikkje.
      Coop -butikkane fører ikkje byggris, her finn eg det på Rema 1000 og Sparbutikken i Ørsta.

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!