torsdag 5. februar 2015

Kylling i eple-aprikos og karrisaus


Kva skal vi ha til middag i dag.....det er det evinnelege spørsmålet.
Etter at eg byrja med middagsplanlegging har kvardagen vorte mykje enklare og maten meir variert.
Eg tyr sjeldan til lettvinte løysingar lenger. Ein av gjengangarane hos oss er denne kyllinggryta. Den kan minne om Bali kyllinggryte frå pose men smakar sjølvsagt mykje betre og er sunnare sidan det ikkje finst E-stoff i den. Den er i tillegg enkel å lage og gjort på ein liten halvtime.



Oppskrifta har eg utvikla sjølv med utgangspunkt i ei anna oppskrift.



Til 4 personar treng du:


KYLLINGGRYTE
med eple-aprikos og karri.

 3 kyllingfiletar 
salt og peppar

1 løk, hakka
2 fedd kvitløk, hakka
1 ts. karri
1 syrlig eple, skrelt og i små terningar
6 tørka aprikoser i små bitar
1ss eplemos
2dl hønsebuljong (frå terning)
1dl. matfløte
4ss.kesam eller matyoghurt

Skjer kyllingfiletane i litt store bitar, krydre med salt og peppar og steik i olje (gjerne raps) til dei er gjennomsteikte. Skru ned varmen og hald dei varme, gjerne under lokk.

Ha løk og kvitløk i ei panne og surr det i litt smør på svak varme til løken er mjuk. Ha i karri og la den surre med 1 minutt. Likar du det litt hot tek du i meir karri. Til meg held det lenge med 1ts. for mine smaksløkar er ikkje glade i det sterke. Tilset hønsebuljong, matfløte og det andre utanom kesam og la det småkoke nokre minutt til epla er møyre. Smak til med salt og peppar. Tilset kesam og la det så vidt koke opp.

Ved servering tømer du sausen i ein bolle og har kyllingbitane over.
Du kan sjølvsagt også blande kyllingen i sausen om du ønsker det.



Serverast med broccoli, blomkål, ris eller byggris.

Her i huset brukar vi stort sett byggris i staden for ris.
Har du ikkje prøvd det så anbefalar eg at du gjer det. Denne typen har porsjonspakningar som er ferdig på 15minutt. Og eg er ikkje sponsa:)




Sunn, rimeleg og smakfull mat!


Vil gjerne ha tilbakemeldingar om du har prøvd nokon av oppskriftene - enten i kommentarfeltet her på bloggen eller på facebooksida som også heiter matlaging.
(Du kan like sida her i frå bloggen, til høgre lenger oppe på sida)

Har du ikkje blogg sjølv eller google-konto kan du kommenter som anonym, men kjekt om du legg att namnet ditt då:)


Ha det fint!

Helsing Alva

2 kommentarer:

  1. Ditta ser knallgodt ut. Den risen har eg ikkje høyrt om. Skal sjå i hyllene på Straumane som er min nærbutikk.
    Eg må visst til å printe ut oppskriftene dine så eg finn dei raskt.
    Kanskje du kan samle dei i bokform og gi ut etterkvart.
    I dag laga eg havrekjeksa med sjokolade. Dei var nydelege.
    Reknar med dei får føter å gå på i vinterferien.
    Eg la dei i tett boks og går ut i frå dei held seg til då.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja den er virkelig god denne gryta, den må du prøve ja :) Håper du finn byggris, det er ikkje alle som fører det.
      Hi hi, ja kanskje det blir bok etterkvart, kven veit ;)
      Kjekt å høyre at du har laga kjeksa og at dei fall i smak. Tett boks går nok fint. Dei eg ikkje har putta i frysaren hadde eg i eit norgesglas. No når glaset er berre halvfullt så har dei vorte litt harde men framleis gode på smak:)

      Slett