lørdag 7. februar 2015

Ostekake med lime

 Har du ikkje funne ut kva kake du skal lage til morsdag endå?
Du kan framleis rekke og lage denne friske ostekaka her. 


For eit år eller noko sånt sidan laga eg ei veldig god ostekake med lime etter ei oppskrift eg fann i eit hefte som fylgde eit blad. Den kaka tenkte eg at eg skulle lage til søndag. Men så finn eg ikkje att rette heftet same kor eg leitar. Så då måtte eg lage min eigen variant. Det einaste eg huskar var at kjeksbotnen skulle steikast litt og at det var lime i den. Men no har eg laga ganske mange ostekaker siste åra så eg tenkte at å dikte i hop ei skulle gå greitt. Så det har eg då gjort. Resultatet ser du her.



Botnen laga eg av diverse kjeks-og småkake-restar eg hadde liggjande.
Og slik gjorde eg det:

250 g sjokoladekjeks (f.eks safari eller liknande)
75 -100 g smør (er kjeksa veldig tørre treng du 100g.)
Knus kjeksa i ein foodprosessor eller ha dei i ein pose og knus med kjevle.
Smelt smøret og bland i kjekssmulane. Ha bakepapir på botnen av ei form på 24cm og sett på ringen. Fyll i kjeksmassa og trykk den jamt utover. Steikast på 175 grader i 10 min.
Det går også fint å ikkje steike, då set du den i kjøleskapet til den stivnar.

Når botnen er kald/stiv tek du den ut av forma, fjernar bakepapiret og legg den på eit fat. Set på att ringen. Om du synest det er vanskeleg å få av bakepapiret gjer du slik:

Legg eit fat eller liknande (eg bruker botnen av ei anna form) oppned over botnen. Snu rundt og drag av bakepapiret. Så tek du fatet kaka skal stå på og legg over, så snur du rundt igjen. Set på ringen.
Enkelt og greitt.



Så lagar du ostekremen.

Då treng du:

300g. kremost naturell
1 beger kesam eller creme fraiche
3dl. kremfløte
2dl. melis
2ts. vaniljesukker
6pl. gelatin
2stk. lime, saft og skal




Legg gelatin i bløyt i kaldt vatn.
Bland ost, kesam, melis og vaniljesukker i ein bolle og visp godt saman. Pisk fløten stiv og bland med ostemassa. Riv skalet på limane, kun det grøne og bland det i kremen. Press ut all safta og ha det i ei panne, klem vatnet ut av gelatinen og ha den i limesafta. Varm så mykje at det smeltar. Avkjøl litt og rør det inn i ostekremen i ein tynn stråle.  Fyllast i forma over  botnen og glattast ut. Set kjølig nokre timar til det stivnar. Om du ønsker det kan du ha over f.eks gul gele når kaka er stiv. Då kokar du pulver frå ein pakke men bruk berre 4 dl. vatn, hellast over ostekremen når den er kald medan ringen enno er på. Pyntast etter ønske.


 Denne smakte friskt og godt med ein klar smak av lime.





 Likar du ikkje lime like godt som meg kan du byte ut med f.eks. sitron.



Synest den limefarga orkideen min passa så godt som dekorasjon til sjølv om den vart litt gulare på bilde enn den egentlig er.


Håper kaka fell i smak!
Kom gjerne med tilbakemelding om du har laga den, enten i kommentarfeltet her eller på facebooksida som også heiter matlaging.

Då ynskjer eg alle mødre der ute ein retteleg flott morsdag!

Alva

2 kommentarer:

  1. Såg kjempe god ut 😃😃😃God helg til dej og dine Alva ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk,Nunni god helg til deg og dine også!

      Slett