lørdag 28. februar 2015

Saftige sjokoladeruter



I dag skal du få oppskrift på ei lettlaga og knallgod sjokoladekake som skal steikast i langpanna.
Kaka er fløyelsmjuk og saftig  og har ein rik smak av sjokolade. Dette er ei av dei beste sjokoladekaker eg har smakt av denne type.


ADVARSEL!
Denne er ikkje for dei som tel kaloriar:)
Men husk at sjokolade gjer oss lukkelege så litt må vi unne oss av og til!
Den er i allefall kjekk å ha på lur i fryseboksa.

Her er oppskrifta:

SAFTIGE SJOKOLADERUTER

350g.smør 
4dl.vatn
8ss.kakao
(eg brukar alltid Regia orginalkakao, synest den gjev best smak)
7dl sukker
1 beger rømme
8 dl.kveitemjøl
1ts salt
2ts. natron
1ts. bakepulver
2ts.vaniljesukker
4egg

Set steikeomnen på 180 grader. Legg bakepapir i langpanna.
Kok opp smør,vatn og kakao, tilsett sukker og rør til det er oppløyst. Avkjøl litt. Ha i rømmen og rør saman. Bland i alt det tørre og dei halvpiska egga. Rør godt slik at det vert klumpefritt og fyll røra i langpanna . Steikast midt i omnen i 35-40 min.




Avkjølast før du har på glasur.





GLASUR:

100g smør
4ss kakao
6ss mjelk (evt. 3 med kaffe)
1ts. vaniljesukker
300g. melis

Smelt smør, kakao og mjelk (kaffe) på svak varme. Rør inn melis og vaniljesukker. Pisk godt slik at du får ein jamn og glatt glasur. Avkjøl litt før du har den over kaka. 




TIPS:
Om du ønsker ein litt meir "vaksen" smak på kaka tek du halvparten mjelk og halvparten sterk kaffe i glasuren.




Mmmmmm.....
Nytast gjerne med ein kopp god kaffe.
Bringebær er alltid godt i kombinasjon med sjokolade.



Då står det berre att å seie velbekome - håper kaka fell i smak!

Alva

2 kommentarer:

  1. Mmmm,
    Eg veit iallfall kvar eg skal leite når eg skal lage noko godt.
    Tusen takk.

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å høyre at du vil bruke bloggen når du skal lage noko godt :) Alltid kjekt med nye idear og oppskrifter.
      Denne er i allefall veldig saftig og god, og rask og enkel å lage. Likar slike oppskrifter der det ikkje skal vispast og rørast for mykje.

      Slett