lørdag 14. februar 2015

Sjokoladefondant

Har du lyst til å overraske din kjære med noko himmelsk godt på Valentinsdagen?
Då må du prøve sjokoladefondant! Det er min favorittdessert nr.1! Den er superrask og veldig enkel å lage, du rører den i hop på nokre minutt og steiketida er kort.

  
Til 6-7 stk treng du:

SJOKOLADEFONDANT

100g. mørk kokesjokolade
100g.smør
4 egg
1dl.sukker
1dl. kveitemjøl

Smelt smøret, del sjokoladen i bitar og ha den i ei skål. Tøm det varme smøret over og la det stå 2-3min til sjokoladen har smelta. Rør saman. Pisk egg og sukker lett saman og tilsett sjokoladeblandinga, rør det til ei jamn røre. Sikt over kveitemjøl og rør saman.
Smør 6-7 små porsjonsformer eller bruk doble store muffinsformer i papir. Fyll formene 3/4 fulle og steik nederst i omnen på 200 gr. ca. 7 min. Dei skal vere faste på utsida men flytande inni. Mine måtte ha eit minutt ekstra. Avkjølast nokre minutt i formene før dei kolvast forsiktig på eit fat. Skjer eit snitt inn i kaka slik at det flyt ut litt. Sikt over litt melis. 




Serverast med  friske bær, bærsaus, piska krem, is eller vaniljesaus.



Då står det berre att å nyte, gjerne med ein kopp god kaffe til!

God Valentinsdag til alle der ute!

Hmmm...... trur eg skal ta med meg min kjære ut i sola og smake på 
sjokoladefondanten:)

2 kommentarer:

  1. Himmelsk godt ser det ut.
    Må prøvast ein gong.
    Her har det gått i gjærbakst i dag, og sola har så vidt vore innom.
    Burde ha gått tur der ho er, men influensa hos oss begge heng litt i enda.

    God laurdagskveld.
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er verkeleg himmelsk godt! Dette må du prøve:) Eg likar det best med vaniljesaus til men det hadde eg ikkje i dag så då vart det is i staden. Godt det også:)

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!