onsdag 4. februar 2015

Sjokoladeruter


 Er du klar for litt meir søtt? 
Her kjem i allefall oppskrift på ei superenkel sjokoladekake. Så enkel at borna kan klare å lage den nesten heilt åleine. Og sidan det er morsdag komande søndag tenkte eg det kanskje kunne vere aktuelt.

Og oppskrifta er faktisk frå skulekjøkenboka mi - litt omgjort vel å merke.

Den kan minne litt om brownie - er kanskje ein forløpar til det. Men den har litt meir tyggemotstand sidan det er mandlar og rosiner i den. Eg brukte å lage desse då borna mine var små og det var alltid populært. Og så er det ingrediensar som du som regel har i hus så det er snerte å lage.

Her er det du treng:


SJOKOLADERUTER

125g. margarin
2dl. sukker
2,5dl. kveitemjøl
1ts. bakepulver
1ts.vaniljesukker
3ss. kakao
2 egg 
100g hakka mandlar
100g rosiner

Sett steikeomnen på 180gr. Smelt margarinen. Bland alt det tørre i ein bolle, tilset egga og smøret.
Bland i rosiner og hakka mandlar. Fyll røra i ei lita langpanne kledd med bakepapir. Steikast midt i omnen 18 - 20 minutt.

Vil du ha den litt mørkare tek du litt meir kakao og tilsvarande mindre mjøl.



TIPS:
 Eg brukar alltid denne kakaoen til både baking og anna for eg synest den gjev den beste smaken.



 Slik ser det ut før det er steikt.....


...... og her etter.



Delast opp i passe store ruter når den er kald.
Og det du ikkje et opp med det same kan du oppbevare i ei plastboks med lokk eller putte i frysaren. Dei tinar raskt så kjekt å ha på lur. Doblar du oppskrifta kan du bruke langpanna og då har du dobbelt så mykje:) Du må nok auke steiketida litt om du doblar.



 Då står berre det kjekkaste igjen - å nyyyte - gjerne med ei kule vaniljeis eller litt vaniljesaus til. Eller berre med ein kopp god kaffe. Eit melisdryss på toppen gjer den ekstra lekker.




Håper den fell i smak!
Lukke til.

Helsing Alva.

8 kommentarer:

  1. Heia😄Kjekt å fylle med dej,du lagar mykje godt 😃Og no he ej og Magnus akkurat laga dinne kaka😃Ho stende til kjøling 😄Me e veldig spente 😃for ej oppdaga litt seint att me hadde tatt dl istadenfor gram på rosiner 😉

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Gunnhild så kjekt å høyre :) Då lurer eg på kor mykje rosiner du tok når du las feil, hi hi....håper det ikkje vart 100dl ;) Tok du 1dl går det nok bra :) Må få høyre kor det gjekk.

      Slett
  2. He he 😃Skulle ta 200g rosiner men me tok litt over 2 dl rosiner.Men ingen fare😃Kaka vart kjempe god 😃Litt laus men øvelse gjer mester 😃Tusen takk😃Ha ein god kveld 😃

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var godt å høyre :) Mi vart litt i fastaste laget så kanskje eg var litt raus med mjølet. Den fastnar litt når den får stå litt men det var no å ha tida til det då :)

      Slett
  3. Svar
    1. Berre hyggelig det:) Takk for tilbakemeldingar!
      Ha ein fin kveld du også:)

      Slett
  4. Det er ei fryd å sjå dei flotte bilda du illustrerer maten med.
    Kunstnar er du !!

    Klem.

    SvarSlett
  5. Tusen takk, Anne-Mari! Kjekt å høyre at det vert lagt merke til. Synest det er utrulig kjekt å halde på med det då. Men den store utfordringa er lyset sidan eg ikkje alltid når dagslyset. Det første bildet har eg teke ute i snøen og det gav eit fantastisk flott lys!

    SvarSlett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!