mandag 16. februar 2015

Smakfull kyllinggryte med kikerter, yoghurt og karri.


Dette er verkeleg ei smakfull kyllinggryte og den er ein av favorittane her i huset. Kikerter er noko eg har fått sansen for siste åra. Det er både mettande, sunt og smakar godt. Her i denne retten synest eg dei kjem ordentleg til sin rett.


Lag gjerne ein stor porsjon når du først er i gong for den smakar minst like godt dagen etter.
Eg brukar å kjøpe ein 2 kilos pose med frosne kyllinglår når eg skal lage denne gryta og brukar heile pakken. Det går greit å dra skinnet av låra. Plussar også på med litt paprika og kikerter, då rekk det til to dagar for 3 personar.


Her er det du treng til kyllinggryta:



KYLLINGGRYTE MED YOGHURT OG KARRI
4 pers.

6-8 skinnfrie, rå kyllinglår delt i to
1 finhakka løk
2 fedd kvitløk, finhakka
1cm. ingefær, finhakka
1-2 ts. karri
2-3ss smør
1/2 l kyllingkraft(vatn + terning)
1/2 rød paprika i bitar
1/2 grøn paprika i bitar
1/2 gul paprika i bitar
ca. 400g hermetiske kikerter
2dl. matyoghurt
salt og nykverna peppar

Smelt smøret i ei gryte, panne eller har du ei steikepanne med høg kant er det fint å bruke. Fres løk, kvitløk og ingefær ca. 1 minutt. Ha i karri og fres 1 minutt til. Likar du det litt hot tek du 2 ts, eg synest det er nok med ei. Legg kyllingbitane i og steik dei med nokre minutt til dei har fått litt farge. Steik i to omgongar. Hell i krafta og la gryta småkoke i ca 50 min. Kjøtet skal nesten falle frå beina. Smak til med salt og peppar. Bland paprika og kikerter i gryta og la det trekke på svak varme i 10 min. Tilsett yoghurt like før servering og bland den lett inn.



Serverast som den er eller med byggris til.
Grovt brød kan også brukast.



Velbekome, håper gryta fell i smak!

Alva

8 kommentarer:

  1. Åhh, det såg freisande ut! Du har så fine bilete at det er nesten så ein kjenner både lukt og smak;) Takk igjen! No må eg snart prøve ut nokon av oppskriftene dine.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk ,Edny!
      Ja den er like god som den ser ut, gler meg til middag i dag for då vert det oppattvarma frå i går:)

      Slett
  2. Gjer seg med litt ny inspirasjon i matvegen!! Trur eg må prøve denne en dag eg har litt god tid, det blir uansett middag seint hos oss no når eg ikkje er ferdig på jobb før kl er halv 5...

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er veldig kjekt med litt nye idear i matvegen. Det er så lett å køyre seg fast i eit spor. Du må ha litt tid når du skal lage denne men når du har fått kjøtet frampå kan du styre med andre ting i nesten ein time:) Og kyllinglåra kan du klargjere på førehand så då går det eigentleg ganske raskt.

      Slett
  3. Dette ser spennande ut.
    Du lagar så mykje godt at det er eit syn.

    God helg-klem.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Anne-Mari:) Ja eg likar å prøve meg fram og endre på oppskrifter slik at det vert slik som eg vil ha det. God helg til deg også.

      Slett
  4. Hei, jeg prøvde oppskriften, den så veldig spennende ut! Men er det meningen at det skal være såpass vannete eller skal man helle av vannet? Skal det være som en slags suppe?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Nei det er ikkje suppe, men det blir ein del kraft når kyllingen har kokt ferdig. Den blir jamna litt av yoghurten men den blir kanskje litt tynn. Du kan ta av litt av krafta før du har i yoghurten så blir den ikkje så tynn. Viktig at du har rett mengde ( evt.meir) av paprika og kikerter for det gjer også at gryta blir fyldigare.
      Lykke til ved neste forsøk! Den er kjempegod og ein gjengangar her i huset:)

      Slett