mandag 9. februar 2015

Tomatsuppe med fersk basilikum.


Tomatsuppe har aldri vore min favorittrett. 
Men etter at eg tok til å lage det frå botnen av har eg endra litt syn på det. Det smakar så utruleg mykje betre enn frå pose! Det kan ikkje samanliknast eingong! Så har du ikkje prøvd det så må du berre gjere det. Det er faktisk veldig enkelt og tek ikkje så mykje lenger tid enn frå pose. 
Og den ekstra tida det tek er det vel verdt.

 Med hardkokte egg i og gjerne ein klatt kesam vert det ein fullverdig middag.
Og denne suppa er veldig mettande.


Her er det du treng:




TOMATSUPPE:
4 porsj.

1 løk
2 fedd kvitløk
2 ss. tomatpure
2 boksar hakka hermetiske tomatar
2-3 soltørka tomat i bitar (kan sløyfast)
7 dl.hønsebuljong (vatn+terning)
ca. halv potte fersk basilikum(evt. tørka i ønska mengde)
Ca. 1 ts. brunt sukker (evt. litt kvitt i staden)
salt og peppar
-----
3-4 hardkokte egg

Hakk løk og kvitløk og surr i litt olje i ei panne til løken er mjuk. Ha i tomatpure og la den surre med ca. 1 minutt.  Tøm i dei hermetiske tomatane og soltørka tomat. Tilset hønsebuljong og la det koke 15-20 min. Mos med ein stavmiksar til suppa er jamn og fin. Smak til med litt sukker, salt og peppar. Hakk basilikum i bitar og ha i suppa.  La den trekke med eit par minutt.
Tilset meir vatn om du synest den vert for tjukk.

Ønsker du ei mildare suppe utan så mykje tomatsmak tek du berre 1ss. tomatpure. Du kan også tilsette litt mjelk eller fløte.



Severast med hardkokte egg i båtar, kesam og gjerne godt brød.
Focaccia er heilt perfekt til, men grove rundstykker er også supert!

Håper suppa fell i smak, velbekome!


Så eit tips til heilt på tampen:

Pass på å verne om basilikumen når du tek den med deg frå butikken. Den er ekstremt vâr på kulde og likar ikkje temperaturar under 8 grader. Så pakk den inn i ei avis eller eit klede. Når du pakkar den ut heime let du den stå med plastposen på ei stund, gjerne eit par dagar. Elles kan du risikere at den klappar i hop.  Eg brukar å ta den gradvis nedover før eg tek den heilt vekk. Husk å vatne, den likar ikkje å tørke. Ei basilikumplante på benken spreier ei herleg lukt på kjøkenet!

Lukke til!

Alva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!