torsdag 19. februar 2015

Torsk med omnsbakte rotgrønsaker a-la Trine


I dag vil dele ei supergod oppskrift frå Trines Matblogg .
Denne retten med torsk, rotgrønsaker, kikerter, bacon og chilismør er utruleg smakfull og ein av favoritt- fiskerettane hos oss. Her kan ein bruke det ein har i kjøleskapet av grønsaker - og med sprøsteikt bacon i blir det ekstra mettande og godt.


Oppskrifta finn du her.

Denne gongen brukte eg litt kålrot, søtpotet og sellerirot i tillegg til det som er på bildet.
Eg brukar litt mindre poteter enn det som er oppgjeve i oppskrifta og brukar tilsvarande mengde søtpotet. Det synest eg gjev ein veldig god smak.




Chilismøret på toppen gjer denne retten noko utenom det vanlege. Eg må lage det utan chili sidan eg er allergisk mot det. Erstattar det med litt paprika og pepparmix og synest det blir veldig godt. Smakfull og mettande rett som eg absolutt kan anbefale!

Prøv då vel:)

Alva

2 kommentarer:

  1. Dette er vel den retten svigerdøtra mi laga for noko sidan.
    Fantastisk godt.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Det stemmer det Anne-Mari. Såg du hadde lagt ut bilde på instagram. Ja dette er noko med den beste fiskerett eg eg har smakt. Fantastiske kombinasjonar!

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!