torsdag 12. mars 2015

Byggriskrem



Har du prøvd å lage riskrem av byggryn? Viss ikkje så anbefalar eg at du gjer det for det smakar veldig godt. Den har litt meir tyggemotstand enn tradisjonell riskrem og litt kraftigare smak. Den er kanskje ikkje så barnevenleg som den av grautris men absolutt verdt å prøve likevel.


Det ein må huske på er å leggje byggryn i bløyt natta over om du ikkje gjer som eg gjorde.
Eg hadde nemleg ikkje heile byggryn i hus, men eg hadde byggris i porsjonsposar. Så det eg gjorde var å legge to slike porsjonspakkar i kaldt vatn eit par timar og kokte dei så i mjelk slik at det vart graut av det.


Så her er oppskrifta etter mi metode:

BYGGRISKREM
4 porsj.

2 porsjonspakkar byggris
Ca.4 dl. mjelk
1/2 ts salt
--------------
3dl. kremfløte
1,5 ss sukker
2ts. vaniljesukker

Legg pakkane med byggris i bløyt i kaldt vatn eit par timar. Kok opp mjelka og tøm byggrisen i (ta av posane) Tilsett salt og la det småkoke 15-20 minutt. Rør ofte slik at det ikkje svir seg. Avkjøl grauten. Pisk fløten ikkje altfor stiv ( er kremen for stiv vert byggriskremen veldig fast og tørr) saman med sukker og vaniljesukker og bland inn i den avkjølte grauten. Smak til.

Ønsker du lage graut av vanlege byggryn legg du 80g gryn i bløyt over natta og kokar dei i 15 minutt i bløytevatnet. Hell av vatnet og kok vidare med 6dl mjelk og 1/2 ts salt. Kokast i ca 45min til byggryna er møyre. Husk å røre ofte. Avkjøl.



Bærsausen lagar eg enkelt ved å koke opp 1dl vatn og 1dl sukker og har i ca. 300g frosne bringebær. Lar det stå til bæra har tina og køyrer det i hop med stavmiksar. Kan smakast til med litt sitron eller med ei halv vaniljestang i sukkerlaken.




Då seier eg velbekome og håper at byggris kan falle i smak!

Alva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar