lørdag 7. mars 2015

Mislykka sjokoladekake




Neida, eg har ikkje vore uheldig med sjokoladekaka - den heiter faktisk mislykka sjokoladekake!
Og den skulle igrunnen vere endå meir mislykka - den skal nærast vera litt flyande i midten. Men mi vart bittelitt for mykje steikt så den er "berre" klissete. Men fy søren så god! Med ein klatt piska krem  og ein kopp kaffe til var den fantastisk god som dessert etter ein nydelig fiskerett. 

Kaka bør helst lagast dagen før den skal brukast slik at den får sette seg litt sidan den er så laus i konsistensen.

Den er også glutenfri ettersom det ikkje er kveitemjøl i den.


Og her er oppskrifta:

MISLYKKA SJOKOLADEKAKE

150g smør
100g. melkesjokolade
3egg
3dl sukker
1 klype salt
1ts. vaniljesukker
1/2 dl. kakao
1/2 dl. potetmjøl
Sett omnen på 175grader. Kle ei rund kakeform (24cm) med bakepapir.
Smelt smøret i ei tjukkbotna panne. Bryt sjokoladen i bitar. Ta smøret av varmen og la sjokoladen smelte ned på ettervarmen. Pisk egg, sukker, salt og vaniljesukker luftig.  Bland i sjokoladesmøret. Sikt i kakao og potetmjøl og bland godt. Hell røra i forma og steik ca. 35 min. Kaka skal vere rå i midten. Avkjøl og la kaka stå kaldt til neste dag. Løsne bakepapiret forsiktig og server kaka  med piska krem og evt. bær.






Nam nam! Fristande!



Super dessertkake!

Håper denne kan falle i smak,
velbekome!

Alva

2 kommentarer:

  1. Denne ser herlig ut!
    Tror den må prøves ut,er svak for sjokoladekaker;)

    Takk for oppskrift!

    God helg til deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja dette er ei skikkelig konfektkake! Elsker slike sjokoladekaker...og det har vel alle forstått etterkvart;) Greier ikkje så mykje i gongen av slike som denne for dette er mektige saker! Men fyyyy så godt!

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!