fredag 20. mars 2015

Solbollar



Sidan det har vore så mykje snakk om sola og solformørking siste dagane vart eg freista til å lage solbollar i dag. Her fekk vi desverre ikkje sjå solformørkinga sidan det var gråver og skodde, men merka at lyset vart annaleis og at det vart mørkare.



Så her får du oppskrift på mine deilige og fløyelsmjuke solbollar, heilt etter eiga oppskrift.
Desse smakar heilt himmelsk godt og passar bra å lage no når det nærmar seg påske. Kjekke å ha på lur i frysaren. Om du tinar dei i microen og skjerpar dei litt på varmluft i steikeomnen vert dei nett som nysteikte igjen.


 Eg lagar eggekremen frå botnen av for det smakar så mykje bedre enn frå pakke og det er ganske enkelt å få til også. Men det går sjølvsagt an å bruke ferdig krem om du ynskjer det.
Men her er i allefall mi oppskrift. Eg lagar den først slik at den får avkjølt seg.

EGGEKREM

5 dl. H-mjelk
4 eggeplommer
2ss. sukker
4ts. maizenna
1/2 vaniljestang

Skrap frøa ut av vaniljestanga og kok dei og resten av stanga i litt av mjelka. Sett til side. Bland resten av ingrediensane i ei lita panne med tjukk botn og rør godt saman. Tilsett mjelka med vaniljen. Kok opp under stadig omrøring elles vil den svi seg. Ta av plata når det kokar og sett til avkjøling.
Husk å ta ut vaniljestanga.




Så lagar du gjærdeiga:

SOLBOLLAR
Ca. 24 stk.

100g. smør
3,5 dl. mjelk
50g.gjær 
1/2dl sukker 
1/2 ts salt
1ts kardemomme
1ts bakepulver
 Ca 8 dl. kveitemjøl

Smelt smøret og tøm i mjelka. La det bli fingervarmt.  Smuldre gjæra i bakebollen og slå over væska. Rør ut gjæra. Ha i det meste av mjølet, sukker, salt, kardemomme og bakepulver og rør godt saman til ei smidig deig. Tilsett meir mjøl om nødvendig. Du kan godt bruke miksar men det er ikkje nødvendig. Sett deiga på ein lun stad til den har fått dobbel størrelse, ca. 45 min. Medan den hevar  lagar du kanelfyllet:

3-4ss. mjukt smør
1-2ss sukker
2ts. kanel
Bland alt og rør godt saman.




Kjevle deiga ut til ein leiv på ca. 30x60cm. Smør på kanelfyllet og ca. 3/4 av eggekremen over det.


Rull saman til ei lang pølse. Pass på at du får skjøten ned.

Tips når du rullar:
Løft litt på deiga medan du rullar slik at fyllet ikkje blir pressa framover.




Skjer opp ca 24 bitar omlag 2,5cm tjukke og legg på bakepapirkledd steikebrett.




Så kjem mitt vesle "triks":
Lag ei lita grop i midten av snurrane med ei teskjei og fyll i resten av eggekremen.

Etterhev ca. 30 min.
Steikast midt i omnen på 200 gr. ca. 15 min.
Avkjølast på rist.


Deilig nysteikt og duftande bakverk!





Pyntast med litt melisglasur når dei er kalde.



Mmmmmm! Desse er gode!

Vart du freista til å lage solbollar no?

Lukke til!

Alva

1 kommentar:

  1. Gjett hva jeg fikk lyst på nå?
    Akkurat, Solboller!
    De ser virkelig fristende ut!
    Må nok prøves,takk for oppskrift og fremgangsmåte!

    SvarSlett