onsdag 4. mars 2015

Svinefilet med svisker og yoghurt



I dag kan eg byde på ein utruleg god rett med  bl.a. svinefilet, svisker, og yoghurt. Gode smakstilsetjingar som sennep, honning, konjakk og kvitvin gjer at det luktar heilt himmelsk på kjøkenet når den står på koking. Dette er ein søndagsmiddag-favoritt her i huset. Med så mykje godsaker i er det nok ingen kvardagsrett, men den er super som gjestemat! Oppskrifta har eg faktisk funne i ei av bøkene til Fedon Lindberg. Men ikkje la deg skreme av det for dette minner ikkje mykje om slankemat:)



Dette treng du til 4 personar:

Ca. 500g svinefilet 
2ss kveitemjøl med litt salt og peppar
smør til steiking
--------
20 svisker, steinfrie
2ss brandy eller konjakk
3dl. kvitvin
1ss dijonsennep
1ss honning
2dl. matyoghurt eller kesam
salt, peppar

Skjer fileten i medaljongar (denne gongen brukte eg indrefilet og det var heilt perfekt) og dypp kjøtet i kveitemjølsblandinga slik at det er dekt av mjøl. Varm smør i ei steikepanne og steik kjøtet på middels varme ca. 3 min. på kvar side. Ta opp kjøtet og hald det varmt under folie. Ha svisker, brennevin, vin, sennep og honning i steikepanna og la det surre til halve væskemengda har kokt inn. Tilsett yoghurt  og rør til du får ein krema saus. Smak til med salt og peppar. Legg i kjøtet og  varm opp utan at det kokar.




Serverast med f.eks. broccoli, blomkål og ein frisk salat.



Eg synest det er godt med bl.a. mango og jordbær i salaten.



Dette er ein smakfull rett med ein nydeleg saus. Kombinasjonen  sennep og honning er heilt super!
Anbefalast!


Velbekome....
håper det fell i smak!

Alva.

4 kommentarer:

  1. Dette ser himmelsk godt ut.

    God helg-klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja dette er berre himmelsk godt! Kan verkeleg anbefalast:)
      Og ikkje er det vanskeleg eller tidkrevande heller.

      Slett
  2. Hei, eg planlegg middag til gjestar der den eine har laktoseintoleranse.
    Dei fleste oppskriftene eg bruka å servere er det cremefraiche el l oppi.
    Ser at denne er det youghurt eller kesam.
    Skal tru om eg kan bruke Tine Yoghurt FYLDIG naturell ? Den skal vere laktosefri.
    Og, kan eg bruke ris til denne ?

    Litt av eit puslespel og sette i hop matprogrammet for ei helg når
    ein skal utelate dei (for meg) viktigaste ingrediensane som gjer mat fyldig og god.

    God helg frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Ja du kan bruke den om den er laktosefri. Eller du kan bruke vanlig yoghurt naturell laktosefri og sile den ei stund i eit kaffifilter slik at mesteparten av væska renn ut. Du kan sikkert bruke ris til - har ikkje prøvd det sjølv men trur det går fint:) Forstår dilemmaet ditt men det finst heldigvis mange gode laktosefrie produkt no så det skal la seg gjere.
      Lukke til og god helg!

      Slett