fredag 8. mai 2015

Himmelsk marengskake


Då er eg endeleg tilbake etter ei lang pause
som skuldast at pc-en min gjekk i svart for 6 veker sidan og har vore
innsendt til reperasjon. Trudde aldri at det skulle ta 6 veker - men det gjorde det altså.
Men no er eg her igjen og har masse gode oppskrifter på lur.
Så berre gled dykk :)

Og eg startar like godt med ei skikkelig kakebombe!


Mai er den store kakemånaden med festdagar på rekke og rad.
Så då passar det bra med oppskrift på intet mindre enn ei himmelsk marengskake!
Og denne kaka ber verkeleg namnet med rette for den er absolutt himmelsk god!
Kombinasjonen søtt og salt er uslåeleg synest eg og her er det peanøtter
som er det salte innslaget.



Kakebotnane er steikt i to omgongar, ein sukkerbrød-liknande botn
og ein marengsbotn. Desse vert montert saman med ein deilig sjokoladekrem nederst
og fløtekrem over den.



Her er oppskrifta:

HIMMELSK MARENGSKAKE

3 eggeplommer
1 egg
80 g sukker
2ss kveitemjøl
1ts bakepulver

Marengsbotn:

3 eggekviter
180g brunt sukker

Sjokoladekrem:

75 g smør
100 g kokesjokolade
100g melis
2 eggeplommer

Pynt:

3dl kremfløte
50 g peanøtter
50 g kokesjokolade

Sett omnen på 160 grader. Pisk eggeplommene og egget saman med sukker. Vend inn
kveitemjøl og bakepulver. Ha over i smurt form (26cm) eller legg bakepapir i forma og sett på ringen.
Steikast midt i omnen ca. 20 min ( Hos meg måtte den stå litt lenger, kjenn etter med ei fyrstikk om den er ferdig steikt) Avkjøl i forma.
Botnen vil heve seg ganske høg under steiking men dett ned og vert ganske lav etter at den er teke ut av omnen. Og slik skal den vere.

Stivpisk eggekvitene til marengsbotnen, ha i sukkeret litt etter litt. Ha marengsen i ei smurt form med bakepapir i botnen. Steikast midt i omnen ved 150 grader ca. 60 min. Avkjøl heilt i forma.
Løft den forsiktig ut av forma og dra av bakepapiret.

Smelt smør og sjokolade forsiktig i ei panne mens du rører heile tida. Rør inn melis og og pisk inn 
eggeplommene. Stivpisk kremfløten.



Legg kakebotnen på eit fat, smør på sjokoladekremen. Eg likar det litt ekstra salt så eg hakka litt peanøtter og dryssa over sjokoladekremen. Ha kremen over og legg på marengsbotnen.
Dryss over grovhakka sjokolade og peanøtter.



Kaka blir høg og lekker.....


 .....og smakar verkeleg heilt himmelsk!









Velbekome.....
håper den himmelske marengskaka fell i smak!

Alva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!