søndag 31. mai 2015

Lettvint fruktstang med rabarbra.


No er det rabarbratid - og desse syrlege, knasande stilkane kan brukast til mykje godt.
Eg er veldig glad i rabarbrakake, men både rabarbragraut, -suppe og -pai er heller ikkje å forakte.
Og saft og syltetøy er sjølvsagt også heilt supert.

 Men i dag skal du få oppskrift på ei lettvint stang fylt med deilig rabarbra.
Dette er ei oppskrift eg har hatt med meg i mange år. Men eg må tilstå at no er det mange år sidan eg laga den. Det er gjerne slik at enkelte oppskrifter går litt i gløymeboka, men då er det dess 
meir kjekt når ein oppdagar dei på nytt.



 Så her måtte eg fram med ei av mine eldste oppskriftbøker der eg sirleg har skreve inn alle
oppskrifter for hand og sidene er fulle av flekkar. Denne oppskrifta er langt framme i boka så det tyder på at den er frå mi tidlegaste karriere som husmor først på 80-talet. Den vart i alle fall 
ofte laga nettopp fordi den er lettvint og fordi den har rimlege ingrediensar.
 Og at den i tillegg er knakande god er berre eit pluss:)

Du kan også byte ut rabarbra med eple om du ikkje har tilgong på rabarbra.


Her er oppskrifta:

LETTVINT FRUKTSTANG

100g smør
4dl kveitemjøl
3ss sukker
1ts bakepulver
1ts vaniljesukker
1 egg
1eggeplomme
1/2 dl mjelk

fyll:
ca 3 stilkar rabarbra (evt. 2 eple)
3ss sukker
1ts kanel(kan sløyfast)

pynt:
30-40g hakka mandlar
perlesukker
1 eggekvite til pensling

Sett steikomnen på 200grader. Smuldre smøret i mjølet til det blir ei grynete masse. Bland inn sukker, bakepulver og vaniljesukker. Tilsett egg og mjelk og rør deiga raskt saman.



Kjevle ut deiga til eit rektangel så langt som steikebrettet si breidde.
Eg brukar å kjevle rett på bakepapiret og så dra det over på plata.

Skjer rabarbraen i centimeter store bitar og legg dei midt etter leiven.
Dryss over sukker og kanel.




Skjer 2-3cm breide strimlar litt på skrå slik som på bildet og brett strimlane vekselsvis over 
rabarbraen slik at den blir dekt. Brett opp endane slik at fyllet ikkje renn ut under steiking.


Pensle med eggekvite og dryss over hakka mandlar og perlesukker.
Steikast midt i omnen ca. 20 min.
Avkjølast på rist.



 Denne smakar aller best nysteikt og lunken - gjerne med is eller piska krem til.
Den kan fint frysast. La den tine på kjøkenbenken før du varmar den nokre minutt
på varmluft i steikomnen. Då vert den som nysteikt igjen.




Mmmmm. dette smakar himmelsk godt!


Freistande?

Ser ikkje vekk i frå at det kjem fleire oppskrifter med rabarbra i etterkvart.




Håper denne fruktstanga kan falle i smak.

Velbekome!

Alva


3 kommentarer:

  1. Denne ser helt fantastisk ut!
    Denne må prøves :)
    Og så kan en jo variere fyllet med f.eks epler,svisker eller annet også:)
    Gleder meg til å prøve!
    Takk for oppskrift, og ei fin ny uke til deg!

    SvarSlett
  2. Denne ser helt fantastisk ut!
    Denne må prøves :)
    Og så kan en jo variere fyllet med f.eks epler,svisker eller annet også:)
    Gleder meg til å prøve!
    Takk for oppskrift, og ei fin ny uke til deg!

    SvarSlett
  3. Mmmm, denne ser god ut.
    Eg tenkte å lage noko med rabarbra neste veke, kjekt å ha i frysaren også.
    Takk for oppskrifta.

    SvarSlett