torsdag 21. mai 2015

Pinsekake



Eg slår like godt til med endå ei kakeoppskrift eg:)
Tenkte denne passa bra no for den heiter nemlig pinsekake.
Den har to sprø mandelmarengsbotnar og ein deilig sitronkrem som skal
i mellom botnane og på toppen.



 Her er oppskrifta:

PINSEKAKE

175 g mandlar
4 eggekviter
2 dl sukker

Sitronkrem:

1/2 dl kveitemjøl
1 3/4 dl sukker
2 dl vatn
2 eggeplommer
1 1/2 dl kremfløte
revet skal av 1 sitron
5 ss pressa sitronsaft

Pynt:
3dl kremfløte
jordbær

Mal mandlane. Visp eggekvitene heilt stive, tilsett sukkeret litt om gongen under visping.
Vend inn mandlane. Teikn to runde sirklar på ca. 24 cm i diameter  på bakepapir. Fordel røra
på sirklane. Steik botnane midt i omnen ved 175 grader i 20-25 min.

(Eg brukar varmluft og steiker begge i ein gong)




Ha mjøl, sukker og vatn til fyllet i ein kjele. Kok opp og la det småkoke under omrøring  ca 10 min.
Ta kjelen av varmen og visp inn eggeplommene. Varm kremen til kokepunktet, må IKKJE koke!
Sett den til avkjøling. Rør inn sitronskal og -saft. Visp fløten stiv og bland den med sitronkremen. 
Rør til ein glatt krem.



Legg botnane saman med ca. halvparten av kremen som fyll resten oppå.
Visp kremfløten stiv og sprøyt rundt kanten og pynt kaka etter ønske.
(Eller som eg har gjort)



Denne kaka hadde eg med meg på besøk så eg fekk ikkje teke bilde av den etter at den var opna.
Men kaka var i allefall veldig god og fekk gode skussmål der den kom.




Håper pinsekaka kan freiste!

Velbekome!

Alva

4 kommentarer:

  1. Den skal eg jammen lage, for eg sat no og tenkte på kva kake eg skulle bake! Vi har faktisk 35-års bryllupsdag i morgon. Vi gifta oss ein pinsaftan, og jammen regna det då også. Perfekt kake og smakar til oss;) Tusen takk for nok ei flott oppskrift! Kos deg i pinsa;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du vil prøve kaka, Edny! Trur ikkje du vert skuffa:) Og så flott å få feire 35-års bryllupsdag då - de ligg eit lite år foran oss. Tilukke med dagen i morgon:)

      Slett
    2. Tusen takk! Eg (vi) blei i alle fall ikkje skuffa! Kaka var kjempegod, så den blir garantert laga fleire gonger;)

      Slett
    3. Så gøy å høyre! Alltid kjekt med tilbakemeldingar:) Tusen takk!

      Slett