søndag 7. juni 2015

Grove rundstykke med honningrista solsikkekjerner


Eg lovde å kome med oppskrift på rundstykke med honningrista solsikkekjerner i forrige innlegg.
 Desse vart veldig gode om eg får seie det sjølv! Eg likar godt å eksperimentere fram nye oppskrifter på kjøkenet. Som regel slumpar eg meg fram og det blir aldri to gongar likt. Men denne gongen målte eg nøyaktig og skreiv ned det eg brukte, også alle justeringar undervegs.
Så då hadde eg plutselig ei oppskrift!




Når ein lagar gjærbakst kan ein egentleg ikkje gjere så mykje gale. Om  ein startar med væska og tilset mjøl etterkvart er det enkelt å få ei passe deig. Synest det er bedre at deiga er litt for laus enn for fast. Er deiga for fast vert bakverket tungt - men deiga bør heller ikkje vere for laus for då kan  bakverket verte smulete. Det er absolutt ein fordel å bruke miksar og la gjerne deiga gå 10-15 min. i miksaren. Men det går fint an å bake utan, då må du berre elte deiga godt for hand.
Hevinga er også viktig - særleg etterhevinga. Det er veldig viktig at bakverket får etterheve
lenge nok for å få eit luftig og lett resultat.


Til desse rundstykka startar du med å riste solsikkekjernene:


Ha 3,5 dl solsikkekjerner i ei tørr og varm steikepanne og rist dei på middels varme til dei har fått 
ein gylden farge. Rør i dei undervegs. Tilsett 2 ss honning og rør til den smeltar. Bland godt.
Tøm over på eit bakepapir og fordel litt utover. Avkjøl.

Så lagar du deiga:


GROVE RUNDSTYKKE MED
HONNINGRISTA SOLSIKKEKJERNER:
ca 32 stk

1 liter skumma-mjelk
(eller 5dl. H-mjelk  og 5dl vatn)
50 g gjær
1 ss honning
1 dl solsikkeolje (evt. soyaolje)
2 ts salt
1 dl linfrø
2 dl havregryn
4dl sammalt rug grov
4 dl sammalt kveite grov
6 dl fibra (evt. sammalt kveite fin)
ca 5 dl kveitemjøl
Varm mjelka til den er fingervarm. Smuldre gjæra i bakebollen og hell væska over. Tilsett honning 
og olje og rør saman. Bland i linfrø, havregryn, salt og ca. 2/3 av solsikkekjernene(resten skal brukast som strø over rundstykka)Tilsett alt det grove mjølet og mesteparten av kveitemjølet. Hald tilbake ca. 1 dl til du ser om det trengst. Elt deiga godt, helst med miksar minst 10 min. Tilsett meir kveitmjøl om nødvendig. Hevast til dobbel størrelse på ein lun stad i 40-45 min.





Elt deiga lett,del opp i bitar og trill ut til rundstykker. Eg fekk 32 stk.  Leggast på bakepapirkledd steikeplate. Pensle med sammenpiska egg og dryss over resten av solsikkekjernene. Trykk dei litt fast. Etterhev i 30 - 40 min. Steikast ved 220 grader ca 15 min. Pass på at frøa ikkje vert svidde.
Avkjølast på rist.



Desse er snart klar til steiking.




Så står det berre att å nyte baksten! Som eg skreiv i forrige innlegg smakte det heilt
himmelsk med rabarbra- og jorbærsyltetøy på dei nysteikte rundstykka.
Oppskrifta på det gode syltetøyet finn du her.



Mmmmm......






Håper mine gode rundstykke med honningrista solsikkekjerner kan falle i smak!
Velbekome!

Alva

1 kommentar:

  1. Ser godt ut.
    Eg skal prøve desse ved høve :)

    Klem frå Anne- Mari

    SvarSlett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!