onsdag 3. juni 2015

Rabarbrasyltetøy med jordbær



I dag får du oppskrift på eit aldeles nydeleg syltetøy med rabarbra og jordbær!
Trur nesten det er det aller beste eg har smakt. Kokt jordbærsylte er ikkje min favoritt,
men blanda med rabarbra vart det verkeleg smakfullt.



I tillegg er det heil ingefær i som smakstilsetjing
og det gjev litt snert i syltetøyet.



Her er oppskrifta:
(Les heile oppskrifta før du tek til, for bæra skal stå ei stund før koking)

1kg rabarbra
500g jordbær
700g sukker
2 skiver heil ingefær
safta av 1/2 sitron(kan sløyfast)
konserveringsmiddel
(f.eks certopulver for koking)



Skyll rabarbraen og skjer i bitar. Del dei største jordbæra i mindre delar. Legg alt lagvis med sukker i
ei panne. La det heile stå eit par timar til bæra har safta seg, evt natta over i kjøleskap. Tilsett heil
ingefær og varm sakte opp på svak varme under lokk. Rist litt på panna av og til. La det koke forsiktig ca 10 min. Ta kjelen av plata og tilsett sitronsaft og tjukningsmiddel.

Eg brukte certopulver for koking og heldt av litt av sukkeret som eg brukte til å blande pulveret med før eg rørte det inn i det varme syltetøyet. 
Ta ut bitane med ingefær før du heller over på reine og varme glas. Set på lokk straks.















Eit nydeleg og smakfullt syltetøy som smakte heilt himmelsk på 
dei nysteikte grove rundstykka med honningrista solsikkekjerner! Den sjølvkomponerte oppskrifta på dei får du i neste innlegg. 




 Håper det kan freiste å prøve rabarbrasyltetøy med jordbær:)
Og så kan du glede deg til neste innlegg med ny oppskrift 
på deilige rundstykker.

Alva


2 kommentarer:

  1. Nydelege bilde og god oppskrift.
    Kanskje eg skal prøve denne varianten..
    Eg bruka å lage med fiken, eller med aprikos. Begge er tradisjon frå svigermor og mi mor.
    Dei er spesielt gode til ostar av ulikt slag.
    Er den med jordbær også det skal tru ?

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding, Anne Mari:)
      Eg har også laga med aprikos og synest det og er veldig godt. Denne smakar heilt annaleis og var i allefall nydelig
      på vanleg kvitost! Første glaset forsvann som dogg for sola her i huset i allefall;)
      Viktig å ikkje droppe ingefær for den er med på å gje den rette smaken.

      Slett