fredag 31. juli 2015

Grove scones




Scones er supert å trive til om du plutselig oppdagar at du er tom for brød.
Det tek ikkje lenger tid å lage enn det omnen treng for å bli varm. Eg synest dei fleste oppskriftene
har for lite grovt mjøl i seg så no har eg prøvd meg fram til ei oppskrift der dei vert grove, saftige og utruleg smakfulle!

Desse er utan kveitemjøl, eg brukar spelt i staden.
Men dei går sjølvsagt an å lage med vanleg kveitemjøl også.
Eg brukar heller ikkje sukker i, men likar du dei litt søte tilset du 1ss. sukker 
eller honning.




Her er oppskrifta mi:

GROVE SCONES
8stk

1,5dl valnøtter
1dl store havregryn(evt. lettkokte)
1 dl fin spelt
1 dl sammalt kveite grov
1 dl fibra
1ss linfrø
2ts bakepulver
1/2 ts salt
50 g smør i terningar
1,5 dl yoghurt naturell

Sett steikeomnen på 250 grader.
Ha valnøtter og havregryn i ein fooprosessor ( har du ikkje det brukar du lettkokte havregryn og finhakkar valnøttene) Køyr det nokre sekund slik at det vert finhakka. Ha i resten av mjølsortane pluss salt og smør og køyr til smøret er smuldra inn. Event. smuldre smøret for hand om du ikkje har foodprosessor.  Ha i yoghurt og la maskina gå til deiga så vidt har samla seg. Ikkje la den gå for lenge. Evt. rørast for hand til alt er godt blanda og du har fått ei deig. Den skal vere litt laus men 
ikkje klissete. Tilsett evt. litt meir speltmjøl.

Tøm deiga på ei steikeplate som er kledd med bakepapir og klapp den ut til ei rund kake på ca 20cm.
Bruk eit pizzahjul eller ein skarp kniv og del opp i 8 snippar (sjå bilde over) Prikk med ein gaffel 
og steik midt i omnen ca. 12 minutt. Mine var akkurat ferdige etter 12 min. men sidan omnane er så forskjellige kan det variere. Du må berre følge med. Ikkje steik for lenge for då blir dei tørre og 
smulete. Avkjøl på rist og bryt dei frå kvarandre.





Dei smakar aller best nysteikt men går fint an å fryse.

Håper grove scones kan freiste,
velbekome og lukke til!

Alva

4 kommentarer:

  1. Så kjekt å "sjå" deg igjen!! Og desse sconsa skal prøvast ein dag, for det går ein del i spelt her i huset, og frø gjer nok sconsa ekstra gode. God helg til deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Edny:) Problem med dataen gjorde alt så tungvint så motivasjonen dala litt. Tilslutt forsvann heile bildemappa også. Ja dette er dei beste sconsa eg har laga i allefall! God helg til deg også.

      Slett
  2. Dette ser godt ut.
    Eg vil prøve dei med graskarkjerner istadenfor valnøtter.
    Me prøver å bruke lite kveitemjøl og honning istadenfor sukker så langt det går an,
    Takk for oppskrifta.
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Graskarkjerner er sikkert supert som erstatning for valnøtter ja. Lurte på om eg skulle ta med eit alternativ for allergikarar, men så tenkte eg at dei som ikkje tåler nøtter har nok gode alternativ sjølve:)
      Klem til deg.

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!