søndag 27. september 2015

Lettlaga eplesmuldrepai

Upps!!! Det er visst leeeenge sidan forrige innlegg!
Men no er eg her i allefall med oppskrift på verdens beste og enklaste eplesmuldrepai.
Denne er super som dessert eller til kaffen. Den er snar å lage, om du er rask 
så lagar du den medan steikeomnen går opp.



Her er oppskrifta:
4 porsjonar

ca 1/2kg syrlige eple
100g smør
120g kveitemjøl
50g sukker 
50g hakka mandlar eller nøtter
kanel
perlesukker

Sett steikomnen på 200 grader.
Skrell epla og skjer dei i store bitar. Legg dei i ei ildfast form som ikkje er alt for stor.
Smuldre smøret i mjølet til det er grynete og tilsett sukker. Bruk gjerne halvparten brunt sukker.
Dryss massa over epla. Hakk nøtter og strø over. Dryss på litt kanel og perlesukker tilslutt.
Steikast midt i omnen ca 1/2 time.  Avkjølast litt før den serverast med piska kremfløte eller is.









Nam nam!



 Den smaker heilt himmelsk så her kan det gå fort unna!
Lag gjerne større porsjon om der er fleire enn 4. Egnar seg ikkje så godt til frysing.
Denne bør nytast nylaga og lunken!

Velbekome!
Håper det kan smake med eplesmuldrepai!


2 kommentarer:

  1. Denne ser snerta ut å lage.
    Med litt endringa skal eg prøve den.
    Håpe du får hjelp for haudeverken. Traudig å gå og vente på svar.
    God klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja denne er veldig snerten Anne-Mari:) Men har ikkje du prøvd denne før då? Har hatt ute oppskrifte på den på sybloggen og meiner å huske at du laga den ;) Men det er ei stund sidan så det er fort gjort å gløyme :)
      Takk skal du ha ....håper på snarlig bedring ja:)
      Klem frå Alva.

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!