Her får du oppskrift på ikkje noko mindre enn verdens beste eplekake!
Kan vel ikkje akkurat dokumentere at den er det, men den heiter faktisk det.
Veldig saftig og smakfull kake så denne anbefalar eg absolutt.
Her er oppskrifta:
VERDENS BESTE EPLEKAKE
150g. smør eller margarin
150g sukker
2 egg
150g. kveitemjøl
1ts bakepulver
4 store eple
75g rosiner
50g mandlar eller nøtter
perlesukker
Kle botnen på ei rund form 24cm med bakepapir eller smør den. Sett steikeomnen på 175grader.
Legg rosinene i bløyt i litt vatn med romessens, rom eller noko anna godt frå barskapet.
I mangel på noko anna brukte eg sherry denne gongen og det var veldig godt.
Rør smør og sukker kvitt og luftig. Tilsett egga eit om gongen, rør godt mellom kvart egg. Bland
bakepulveret i mjølet og sikt det i røra. Bland godt. Skrell epla og skjer dei i båtar. Fyll ca 2/3 av røra
i forma og legg epla tett i tett i eit pent mønster.
Slå væska av rosinene og dryss dei over epla. Legg resten av røra utover i små klattar. Det vil flyte
i hop under steiking. Grovhakk mandlar/nøtter og dryss over. Strø perlesukker over til slutt.
Steikast midt i omnen ca 55 min. Det var akkurat passe til min omn, men sidan omnane er så
forskjellige kan det variere. Kjenn etter med ei fyrstikk om du er usikker.
Avkjølast litt på rist. Smakar aller best lunken med piska krem til.
Når den skal serverast nysteikt og litt varm slik som her kan det vere vanskelig å få den
over på fatet. Då kan du gjere slik som eg har gjort - legg den på fatet med botnen til forma på.
Då risikerer du i allefall ikkje at kaka går i stykker. Men då er det ein fordel at det er bakepapir
under slik at ein slepp å skjere rett i metallet. Når kaka er heilt kald er det lett å få vekk
bakepapiret - om det skulle vere igjen noko kake då:)
Mmmmm....saftig , mjuk og god eple kake!
Eller som mannen sa: den er fløyelsmjuk!
Då seier eg berre velbekome,
håper verdens beste eplekake fell i smak!
Og det er veldig kjekt med tilbakemeldingar om de har prøvd nokon av oppskriftene,
enten i kommentarfeltet under den oppskrift det gjeld eller på facebook!
den skal eg prøve ,gleder meg
SvarSlettSå kjekt å høyre, Per! Vil gjerne høyre om den fell i smak :)
SlettTakk for oppskrifta.
SvarSlettDet spørs om eg må prøve denne.
Klem
Ja det må du gjere Anne-Mari:) Og du finn nok noko anna lurt å byte ut nøttene med tenkjer eg;)
SlettLukke til!
Klem