onsdag 11. november 2015

Svartsurbær (aronia) gele og syltetøy




Du har sikkert sett den....hekken som ut på seinhausten får fantastiske raud-orange fargar og er fulle av klasar med store svarte bær. Det er Aronia eller svartsurbær på norsk. Første gong eg smakte syltetøy av desse bæra synest eg ikkje det smakte spesielt godt, men det hadde ein litt spennande smak. No veit eg ikkje korleis dette var laga for eg fekk eit glas hos ei dame eg kjente. Bæra er ikkje så veldig gode å ete rett frå busken, men etter ein tur i frysaren eller etter ei frostnatt blir smaken litt mindre beisk og er fine å bruke til gele og syltetøy. Med litt eple i vert smaken endå mildare.

Svartsurbær er proppfulle av antioksidantar, så det er ein ekstra god grunn til å bruke desse bæra. Det finst ikkje så mange oppskrifter med aronia endå, så her har eg rett og slett eksperimentert meg fram til desse oppskriftene og eg synest det vart ganske så godt. 



Vi har ei busk med svartsurbær og den kom til oss på ein spesiell måte. For nokre år sidan oppdaga vi ei busk som utvikla seg på carporttaket som har torv. Vi reknar med at det er ein fugl som har sådd den. Mannen prøvde å verte kvitt den utan hell og tilslutt klipte han den heilt ned. Men nei....busken var standhaftig og ville overleve under veldig fattige kår. Ikkje før den plutselig ein vår sto full av kvite blomster forsto vi kva det var. 1 kg plukka vi første året - bildet under her er den frå den første avlinga. Sidan har det vore ein kamp mellom oss og fuglane for å hauste bæra først. Og fuglane har vunne dei fleste åra:) Vi har heile tida snakka om å flytte den ned på landejorda utan at det har vorte. Men i år hadde den blitt så stor at det var ingen vei tilbake. Etter å ha hausta heile 5kg av den spadde mannen rundt røtene og fekk lempa den ned på bakken og planta den i hagen. Så no håper vi at den overlever den brutale flyttinga.



Som sagt så har eg eksperimentert meg fram til oppskriftene med eit ganske heldig resultat. Men her er det rom for å lage sine eigne vriar med mengde eple, sukker  og ulike smakstilsetningar. Mine oppskrifter kan vere eit utgangspunkt.





Her er oppskrift på gele:

Som før nemnt bør svartsurbæra hatt ein tur i frysaren eller ei skikkelig frostnatt før bruk.

Eg fylte dampkokaren med bær og eple og fekk 2 liter saft som er utgangspunkt for vidare oppskrift.
Vog ikkje så nøye, men tippar ca 3kg bær og ca 1kg eple. Har du litt rips eller solbær i frysaren kan du også spe på med det. Epla skar eg berre i grove båtar og la alt lagvis i dampkokaren. Let det stå og dampe godt og vel 1 time til bæra hadde sunke godt saman og var temmelig fargelause. Har du ikkje dampkokar går det sikkert fint an å koke opp bæra med litt vatn og sile i eit klede. Men dette har eg ikkje prøvd med aronia.




Vidare oppskrift:

2 liter saft 
1kg sukker
1pk. grønn Certo-pulver
saft av 1 sitron
Hell safta i ein stor kjele og kok opp. Følg så framgongsmåten som står på certopakken, for gele. Tilsett tilsutt safta av sitronen. Hellast i små reine og varme glas. Eg brukar å vaske glasa godt og skylle dei i varmt vatn og så sette dei steikomnen på 100gr. varmluft i 5-10min. Pass fingrane når du handterer dei varme glasa og geleen! Eg har alltid gummihanskar på meg når eg held på med dette. Oppbevarast kjølig.




Geleen smakar utmerket på brie! Nam nam....






Så oppskrifta på syltetøyet:

1,5kg svartsurbær(viktig at dei er modne)
0.5 kg eple
1lite stk. heil ingefær(1,5 -2cm i tommeltjukkelse)
1dl rødvin (kan sløyfast, ta då litt meir vatn)
4dl vatn
ca.750g sukker
1pk syltepulver
safta av 1 sitron
Rens og skyll bæra, skrell epla og skjær dei små bitar. Leggast lagvis i ei stor panne. Skrell og hakk ingefær smått opp og dryss over. Slå på vatn og rødvin, kok opp og la det koke på svak varme ca. 20 min. Rør i av og til. Tilsett sukker og syltepulver etter avinsning på pakken. Rør godt ut og tilsett sitronsafta. Fyllast på reine og varme glas. Oppbevarast kjølig eller i frysar. Skal du fryse syltetøyet må du passe på å ikkje fylle glasa heilt fulle for då kan dei sprekke i frysaren.





Då håper eg nokon vart freista til å lage gele eller syltetøy av svartsurbær.

Lukke til!


TIPS:
I mangel på blåbærsyltetøy til pannekakene brukte vi arononiasyltetøy og det smakte veldig godt!
Laga grove pannekaker som vart veldig gode. Skal kome med oppskrift ved eit seinare høve.

9 kommentarer:

  1. Har fullt av disse rett ned i bakken, det er kommunen sine, - så der er det berre å forsyne seg!! Har prøvd litt saft en gang, men er ikkje så god til å eksprementere som du. No fekk eg lyst til å prøve di oppskrift på sylta!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Annie! Då hadde eg sporenstreks sprunge nedi bakken og sikra meg ein pose med desse supre bæra hadde eg vore deg:) Skal uansett puttast i frysaren og der kan dei ligge til du har tid eller lyst til å prøve ut oppskrifta mi:) Og den treng du ikkje følge slavisk - du kan ta i meir eple om du vil, (berre pass på at den totale mengda er på 2kg ) Kjekt at du vart inspirert:) Lukke til i allefall!

      Slett
    2. No er bæra i hus, så får dei slappe av i frysaren, iallfall ei natt. Tok inn resten av epla også, er berre laurdag og søndag eg er heime når det er lyst, så då er det å huske alt ein skal, ikkje like lett alltid, men no er mykje gjort!!

      Slett
    3. Flott! Gler meg til å høyre korleis det har gått ;) Du må gje meg ei tilbakemeldig :) Nei det er sannelig ikkje alltid lett å huske alt ein skal gjere....har funne ut at det er lurt å skrive huskelappar. Lurer av og til om det er begynnande alzheimer :D

      Slett
  2. Hvordan vet jeg at bæra er blitt modne nok til å høstes ? Og hvor mye sukker må jeg bruke på 2 liter saft ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei anonym!
      Svartsurbæra vert heilt svarte når dei er modne. Er dei fortsatt røde er dei ikkje modne nok. Sukkermengda til geleen står i oppskrifta lenger oppe i innlegget - 1kg sukker til 2 liter saft. Lykke til!

      Slett
  3. Er det slik at epler gjør den mildere i smaken? Har smakt dette for en god stund siden å syntes den gangen at det var en noe besk smak av geléen. Kunne kanskje brukt 2 kg av hver til å lage saften da?

    SvarSlett
  4. Har laget gelé tidligere i høst. Den ble nydelig, og fin julegave. I dag koker jeg syltetøy av resten av bærene jeg hadde i fryseren. Regner med at også dette blir godt.

    SvarSlett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!