søndag 15. november 2015

Torsk i tomatsaus



 Det er ikkje alltid så lett å få born til å ete fisk. Her får du oppskrift på ei torskegryte med ein mild og god tomatsaus som eg trur dei fleste born vil like. Med ris til vert den svært så barnevenleg. Oliven kan fint serverast i ei skål ved sidan av om det er nokon som ikkje likar det.




Her er oppskrifta:
4 porsj.

600g beinfri torskefilét (sei kan også brukast)
2ss olivenolje
1 stor løk
1 raud eller gul paprika
2 fedd kvitløk
1 boks herm. tomat
12-15 svarte oliven
ca.2ss frisk timian eller oregano
(tørka kan også brukast, då ca.1ts)
ca. 1ts salt
ca. 1/4 ts pepar

Skjær løk og paprika i litt grove bitar, hakk kvitløken. Steik alt i olivenolje på middels varme i ei gryte eller steikepanne med høg kant.  La det surre nokre minutt til løken er blank men ikkje brun. Ha i hermetisk tomat og la det koke nokre minutt. Krydre med salt, pepar og halvparten av dei friske urtene. Skjer fisken i litt store bitar og legg den i tomatsausen. Kverne litt salt og pepar over fisken. La det trekke på svak varme til fisken er ferdig, ca. 8-10 min. Rist litt på panna innimellom, men ikkje rør. Legg på oliven mot slutten. Dryss over resten av urtene like før servering. Serverast med ris og evt. godt brød. Focacchia smakar ekstra godt til. Oppskrift på det finn du her .



Tips: 
Ønsker du ei gryte med meir futt i kan du tilsette litt frisk chili.
Du kan også lure nedi litt gulrot i små bitar om du har born som ikkje er så flinke å ete grønsaker. Då steiker du dei med frå starten av og koker tomatsausen nokre minutt ekstra.
Poteter kan sjølvsagt også serverast til i staden for ris.

Eg skriv ofte ca på mengder salt og krydder fordi det er så forskjellig kor salt og sterk ein likar maten. Det som er viktig er at du smakar undervegs i matlaginga.




Smakfull og deilig torskegryte som fell i smak hos dei fleste.


Då står det berre att å seie velbekome!
Håper det kan freiste å prøve denne sunne og gode
torskegryta:)

2 kommentarer:

  1. Takk for oppskrifta.
    Det ser ut som ei god fiskegryte.
    Nokre av barnebarna et all slags fisk, men dei som
    ikkje vil ha fisk vil nok ikkje ha denne heller...
    Slik er det berre.

    Ha ei fin ny veke.
    Klem og god betringstankar frå,Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anne-Mari! Tusen takk for gode tankar:) Dagane går opp og ned.
      Kan fortelle deg at eg laga ei liknande gryte som denne då borna var små. Dotter vår åt absolutt ikkje fisk men den åt ho utan å vere klar over at det var fisk i den, og ho synest det var godt! Risen og tomatsausen gjorde at den vart nesten kamuflert. (Trur ho trudde det var kylling) Det er vel ofte slik at det er nok at dei VEIT det er fisk:) Men sjølvsagt er det nokon som absolutt ikkje vil ha det, uansett. Men dei som er litt kresne trur eg vil like smaken av denne pga. tomatsausen.
      Ha ei fin veke du også:)

      Slett

Lurer du på noko eller har noko på hjerte så legg gjerne igjen nokre ord!