lørdag 31. januar 2015

Havrekjeks med sjokolade og eit hint av salt.


Har du lyst på noko søtt og litt salt til helga? Då skal du få oppskrift på nokre himla gode 
havrekjeks med sjokolade og maldonsalt. Eg elskar kombinasjonen søtt (særlig sjokolade) og salt!
 Desse kjeksa er farleg gode....  her nyttar det ikkje berre med eit i gongen så eg tilrår at du puttar dei i frysaren fortare enn svint elles så er dei vekke før du får sukk for deg:)
(Men ikkje putt alle i frysaren då.....)

Du treng:

200g smør
3dl.sukker
1ts.vaniljesukker
2 egg
3dl. kveitemjøl 
1ts.bakepulver
1ts.maldonsalt
6 1/2 dl. havregryn
200g. grovhakka mørk kokesjokolade
 litt ekstra maldonsalt til å drysse over

Visp smør, sukker og vaniljesukker kvitt og visp inn egga eit om gongen. Bland i det tørre og den hakka sjokoladen tilslutt. Form/trill kuler og legg dei på bakepapirkledd steikebrett. Ha litt avstand mellom for dei flyt ein del utover. Trykk dei litt flate og dryss over litt maldonsalt. Eg fekk ca. 36 stk, og då synest eg dei vart passe store. Eg tok opp deig med ei spiseskei og trilla kuler av den mengda som fylte skeia. Vil du ha større kjeks tek du meir deig.
Steikast på 180gr. 12-15min. Avkjølast litt på plata før du legg dei på rist.


 Mmmmm....farleg gode!




 Desse kjeksa smakar nydeleg til ein god kopp kaffe.
Dei er sprø og litt seige inni.



 Oppbevarast på tette glas, i boks eller i frysar.




Lukke til og velbekome:)

Eg gler meg i allefall til kaffe i dag for eg har nysteikte kjeks på kjøkkenbenken;)
God helg!

Helsing Alva.


fredag 30. januar 2015

Kvit pizza


Her kjem oppskrift på ein pizza som er veldig populær her i huset.
Eg har hatt den liggjande ute på sybloggen min og den er eit av dei mest vitja innlegga der.
 Har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på den, så difor tenkte eg at det var greit å legge den ut her også.

Første gong eg smakte kvit pizza var for nokre år sidan hos ei barndomsveninne som gav meg losji nokre dagar i Trondheim. Etter å ha levd på kafe-og kantinemat eit par dagar var det heilt himmelsk å få servert denne pizzaen hos henne saman med eit glas raudvin til. Eg tok ideen med meg heim og utvikla så min eigen variant (slik som eg oftast gjer:) ).


 Pizzaen er veldig rask og enkel å lage. Her slepp du steiking eller koking på førehand.
Du kan bruke ferdigkjøpt botn om du vil ha den raskt ferdig eller lage den etter eiga oppskrift.
Eg har ei favorittoppskrift frå Italia som eg også vil dele. Den blir knasande sprø i kanten
og det likar eg best. Og dess tynnare botnen er dess meir sprø blir den.

PIZZABOTN:

3 dl. vatn
500 g. kveitemjøl
1/2 pk. tørrgjær (eller fersk)
1 ts. salt
1/2 dl. olivenolje
Varm vatnet, brukar du tørrgjær må det vere meir enn fingervarmt.
Tilsett mjøl, salt og tørrgjær og rør raskt saman. Ha i olivenoljen og kna deigen til den er glatt og smidig. Den blir litt fast og det skal den vere. Er den vanskelig å kna så ta litt olje på hendene. Den vert mjukare etterkvart.
Dekk med plast og la den heve ein time. Denne deiga er super å jobbe med, eg brukar berre å
dra og trykke den utover steikebrettet etter at den er ferdig heva. På denne brukar eg ikkje 
bakepapir, eg smører berre plata med olivenolje. Dette er ein litt stor porsjon så du kan enten lage ein stor pizza til heile brettet eller to mindre.

(til pizzaen på bilda her har eg brukt ferdig botn. Jada....det hender at eg juksar litt eg også :) )

Til sjølve pizzaen treng du:

Ca 4-5 ss.creme fraiche
1/2 - 1 rødløk
ca 1/2 boks ananas i bitar
evt. soltørka tomat i bitar
kverna peppar
1pk.Chorizo-pølse eller spekeskinke
reven ost
ruccola

Smør eit passe tjukt lag med creme fraiche utover botnen. Hakk rødløk i ønska mengde og strø over. Legg på ananas og kvern over peppar. (Tørk ananasen med eit kjøkenpapir først.)



Legg på chorizo-pølse eller spekeskinke (anbefaler zerrano).I det siste har eg også brukt soltørka tomat på,det er ikkje feil det heller:)



Dryss over eit godt lag reven ost . Steikast midt i omnen ved 225 - 240 gr. 15-17 min. Brukar du mi oppskrift på botn er det høgste temperatur som gjeld.



Den er best når den er litt godt steikt.




Dryss over godt med ruccola rett før servering.
Og så er det berre å nyyyte - gjerne med eit glas raudvin til:)


Bon appetite og god helg :)



Alva.

torsdag 29. januar 2015

Fiskesuppe


I dag vil eg dele oppskrifta på ei supergod fiskesuppe.
Veldig enkel og rask å lage. Og det geniale med denne er at du lett kan gjere det om til ei fiskegryte om du heller vil ha det.




Her er det som er i suppa.


FISKESUPPE
4 porsj.

1-2 gulrot
1/2 purreløk
1/2 squash
2 fedd kvitløk
1 ss smør
4 dl. vatn
2dl. matfløte
1 fiskebuljongterning 
(evt. fiskekraft i staden for vatn)
salt - peppar
400g. torskefilet 
(eller anna fisk du måtte ønske)
1/2 broccoli
 200g reker
ca.10 stk. cherrytomat.
fersk dill

Skjær gulrot i strimlar, snitt purreløken, skjær squash i skiver og del i fire. Finhakk kvitløk og fres alt lett i steikepanne med smør. Tilsett vatn, fløte og fiskebuljong og lat det koke eit par minutt. Krydre med salt og peppar. Skjer torskefilet i bitar og broccoli i små bukettar og ha det i gryta. Del tomatane i to og legg dei utover på toppen. La det trekke på svak varme i 5 min. til fisken akkurat er gjennomtrekt.Tilsett reker like før servering. Viktig at det ikkje kokar etter at rekene er hatt i elles vert dei seige. Dei skal berre verte lune. Topp det heile med hakka dill.



Skal du lage den til selskap byter du ut litt av vatnet med kvitvin og matfløte med kremfløte.

Ønsker du å lage fiskegryte i staden tilset du 1 ss. kveitemjøl i grønsakene før du har i væska og brukar berre ca. 2dl vatn. Om du ønsker ei fyldigare suppe kan du også tisette litt kveitemjøl.



Smakar ekstra godt med focaccia til:)

Enjoy!


Alva.

tirsdag 27. januar 2015

Focaccia


I dag kjem eg med oppskrift på focaccia slik som eg lovde i forrige innlegg.
Focaccia er eit smakfullt og saftig brød som passar attåt mange rettar. Det finst uendeleg mange oppskrifter og måtar å variere på og alle har vel sin favoritt. Det har eg også.

 Min favoritt er med soltørka tomat og rosmarin.




Her er oppskrifa mi:

FOCACCIA

25g. gjær
4dl. lunka vatn
1ts. salt
2ss. olivenolje
ca. 500g kveitemjøl.

Bland alt i miksebollen og køyr på lav fart på miksaren i 10 min. Har du ikkje miksar så rører du gjæra ut i vatnet og tilset resten av ingrediensane. Rør godt saman  så lenge du orkar. Deiga skal vere laus, den skal ikkje kunne eltast med hendene. Set deiga til heving ca 1.time. Dekkjast med plast.

Legg bakepair i ei lita langpanne og smør med olivenolje. Eg for på butikken og skulle kjøpe bakepapir men kom heim utan så eg smurte forma med olje og det gjekk heilt fint. Tøm deiga i forma og klapp den utover. Ta litt olivenolje på fingrane så går det som smurt:)  



Til pynt treng du:

Ca. 2ss olivenolje(gjerne meir etter min smak)
Ca. 6 soltørka tomatar
evt. halve cherrytomatar i staden.
frisk rosmarin
ca. 1ss maldonsalt.

Skjer soltørka tomatar i litt store bitar og trykk dei godt ned i deiga. Drypp over olivenolje og dryss på rosmarin og maldonsalt. Etterhevast 30-40 min.

Steikast midt i omnen ved 225gr. 20-25 min.



Vanlegvis brukar eg ei litt mindre form men denne gongen ville eg ha brøda litt lave sidan eg også har ein anna plan med dei. Difor brukte eg den største skuffa.
 Kva planar eg har får du sjå ein gong seinare:)

Oppskrifta kan fint doblast til ei stor skuffe.



Og kva eg serverte desse til får du vite i neste innlegg.

Lukke til!

Så må eg takke for den gode velkomsten matbloggen min har fått!
Kjekt at eg allereie har fått følgarar. Velkomne skal dokke vere!

Alva.

søndag 25. januar 2015

Lasagne


Lasagne er ein av dei rettane som eg synest smakar sååå mykje betre heimelaga enn frå pakke.
Litt meir arbeid er det, men ikkje verre enn at det er overkomeleg med god planlegging.
Det er lurt å starte i god tid før måltidet skal serverast då kjøtsausen treng litt koketid.

For nokre år sidan var mannen og eg på ferietur til Italia. På ein båttur mellom øyane utanfor
Venezia fekk vi servert lasagne. Og det er den beste lasagnen eg nokon gong har smakt!
Toppen på den var tjukk og fløyelsmjuk og smakte heilt himmelsk! Med ein god italiensk raudvin til vart det eit uforgløymeleg måltid. Eg har prøvd å gjenskape den lasagnen men må seie eg ikkje har vore i nærleiken endå. Så kva som var i den beclamêsausen veit eg ikkje, kanskje det var osten som gjorde susen.

Men her kjem i allefall mi oppskrift som eg har prøvd meg fram til og som eg synest er veldig god.


LASAGNE 
 4-5 pers.

400g karbonadedeig eller kjøttdeig
1 hakka gul løk
2 fedd hakka kvitløk
2 skiver sellerirot i små bitar
2ss.tomatpurê
1boks hakka herm. tomatar
2-3 soltørka tomatar i bitar(kan sløyfast)
2dl.vatn
1-2ss.tørka krydder etter smak.
(f.eks. provancekrydder el. pizzakrydder)
Friske krydder kan sjølvsagt også nyttast, f.eks basilikum.
1/2dl.raudvin (kan sløyfast evt. buljongterning i staden)
litt brunt sukker, salt og peppar.

Brun karbonadedeiga i litt smør, tilset løk, kvitløk og sellerirot og la det surre med ei lita stund.
Ha så i tomatpurêen og la den steike med ca 1min. til den er " svidd av". Tilset herm. tomatar, soltørka tomatar, vatn, evt. raudvin og tørka krydder og la det småkoke minst ein halv time. Gjerne ein time, dess lenger det kokar dess betre blir det. Rør av og til undervegs og tilset meir vatn om det kokar inn. Smak også etter om det trengs meir krydder.Tilslutt smakar du til med ca. 1 ts. brunt sukker, salt og peppar.

Så lagar du den kvite sausen:

KVIT SAUS

3ss smør
3ss.kveitemjøl
6dl. varm mjelk
litt salt
3dl reven ost.
(eg brukar ei blanding av norwegia og jarlsberg)

pastaplater.

Smelt smøret og ha i kveitemjølet. La det koke bittelitt. Tilset den varme mjelka litt etter litt under stadig omrøring slik det ikkje klumpar seg. La sausen koke eit par minutt. Husk og røre i den slik at den ikkje svir seg. Smak til med litt salt. Rør inn osten og la den smelte ned.

Smør ei ildfast form og legg eit lag med kjøtsaus i botnen. Dekk med pastaplater og eit lag med kvit saus over der igjen. Fortsett slik til alt er brukt opp. Med meg vart det tre lag og 9 pastaplater men det avheng av forma du brukar. Avslutt med eit godt lag kvitsaus og dryss reven ost over tilslutt.
Steikast midt i omnen på 200gr. ca. 30 min. Lat den kvile 10 - 15 min. slik at den får sette seg litt.
Serverast med ein god salat til og evt. focaccia. Det skal eg kome med oppskrift på neste gong.
 Ein god raudvin høyrer også til.





Lukke til og velbekome!

Alva.

lørdag 17. januar 2015

Knekkebrød



Her er oppskrifta på mine gode knekkebrød. Veit at det finst utallige oppskrifter på slike knekkebrød men her er i allefall mi som eg har prøvd meg fram til og er superfornøgd med.




GROVE KNEKKEBRØD

2dl. havregryn
    2dl. sammalt rug
       2dl.solsikkekjerner
2dl.sesamfrø 
2dl.havrekli
1dl kruskakli
1dl linfrø
                                           2dl.finhakka valnøtter (kan sløyfast, evt.  
                           byttast ut med  gresskarkjerner
      2ts.salt            
7,5dl. vatn      
        

Bland alt i ein bolle og la det stå og svelle i ca. 20 min.



Fordel alt utover 3 steikebrett med bakepapir.
Det kan vere litt vanskelig å få det jamt utover...eg brukar ei slik steikespade som vist på bildet og smørjer det utover med den.



Så kjem min lille "løyndom":
Når alt er smurt jamt og fint utover drysser eg eit godt lag med sesamfrø over.
Bruker så steikespada og trykker frøa litt fast i røra slik at det ikkje rauser av når dei er steikte.


TIPS:
Du kan også byte ut 1ts salt med vel 1ts maldonsalt som du stør over tilslutt.
Nam nam:)



Så set eg alle bretta i steikeomnen på varmluft 150 grader og let dei stå i 10min før eg tek dei ut att og ruter opp med eit pizzahjul. Steik vidare i ca. 1 time og 10 min. Men her må du sjekke undervegs for omnane er så forskjellige. Det som er viktig er at du huskar å lufte undervegs i steikeprosessen. Opne steikeomnsdøra med jamne mellomrom og slepp ut damp! 



Her er mine ferdigsteikte. Nam nam!




Oppbevarast i tett boks eller glas.



Lykke til!

Helsing Alva.