lørdag 28. februar 2015

Himmelske småkaker med toffifee




Heia Norge og gratulerer til Therese Johaug og Marit Bjørgen med gull og sølv på 3 mila i Falun!
Det flotte resultatet måtte sjølvsagt feirast litt her i huset også og det gjorde vi med desse nysteikte småkakene med toffifee konfekt i. Og desse smakte himmelsk godt!




Denne konfekten er ein av mine favorittar og farlig å ha i hus for det er umulig å ta berre ein. 
Så då måtte sjølvsagt oppskrifta med desse som ingrediens testast ut. Dei skulle egentlig lagast i små muffinsformer men det hadde ikkje eg i hus så då laga eg dei som småkaker i staden. Dei vil nok få ein finare fasong i muffinsformer så det må eg huske og kjøpe til neste gong.





Her er oppskrifta:
30 stk.

200g smør
1 dl. sukker
4.5 dl. kveitemjøl
1ss vaniljesukker
1ts.bakepulver
--------
2pk. toffifee konfekt.
kokosmasse

Rør smør og sukker kvitt og luftig. Bland alt det tørre og rør inn i smørkremen. Form deiga til ei pølse og la den kvile i kjøleskap 30-60 min. Trill ut 30 kuler og legg dei i små muffinsformer. Lag ei grop i kvar kake og dryss i litt kokosmasse og trykk 1 toffifee ned i gropa. Steikast midt i omnen ved 180 grader 12-15 min. Mine måtte ha 15 min. Dryss litt kokosmasse over mens kakene er varme. Avkjølast på rist.




Så er det berre å vente på at dei vert så kalde at dei kan smakast på!



Mmmmmmm.....dette er godt!





Kanskje toffifee er din favoritt også?
Då må du prøve desse!

Alva.

Saftige sjokoladeruter



I dag skal du få oppskrift på ei lettlaga og knallgod sjokoladekake som skal steikast i langpanna.
Kaka er fløyelsmjuk og saftig  og har ein rik smak av sjokolade. Dette er ei av dei beste sjokoladekaker eg har smakt av denne type.


ADVARSEL!
Denne er ikkje for dei som tel kaloriar:)
Men husk at sjokolade gjer oss lukkelege så litt må vi unne oss av og til!
Den er i allefall kjekk å ha på lur i fryseboksa.

Her er oppskrifta:

SAFTIGE SJOKOLADERUTER

350g.smør 
4dl.vatn
8ss.kakao
(eg brukar alltid Regia orginalkakao, synest den gjev best smak)
7dl sukker
1 beger rømme
8 dl.kveitemjøl
1ts salt
2ts. natron
1ts. bakepulver
2ts.vaniljesukker
4egg

Set steikeomnen på 180 grader. Legg bakepapir i langpanna.
Kok opp smør,vatn og kakao, tilsett sukker og rør til det er oppløyst. Avkjøl litt. Ha i rømmen og rør saman. Bland i alt det tørre og dei halvpiska egga. Rør godt slik at det vert klumpefritt og fyll røra i langpanna . Steikast midt i omnen i 35-40 min.




Avkjølast før du har på glasur.





GLASUR:

100g smør
4ss kakao
6ss mjelk (evt. 3 med kaffe)
1ts. vaniljesukker
300g. melis

Smelt smør, kakao og mjelk (kaffe) på svak varme. Rør inn melis og vaniljesukker. Pisk godt slik at du får ein jamn og glatt glasur. Avkjøl litt før du har den over kaka. 




TIPS:
Om du ønsker ein litt meir "vaksen" smak på kaka tek du halvparten mjelk og halvparten sterk kaffe i glasuren.




Mmmmmm.....
Nytast gjerne med ein kopp god kaffe.
Bringebær er alltid godt i kombinasjon med sjokolade.



Då står det berre att å seie velbekome - håper kaka fell i smak!

Alva

fredag 27. februar 2015

Tacopastasalat


Lyst til å lage noko godt til helga? Prøv pastasalat med tacosmak då vel:)
Enkel og god mat som kan lagast klar i god tid før den skal brukast.


Til ca. 4 porsjonar treng du dette:




TACOPASTASALAT

250g tørr pasta(skruar, sløyfer, penne el.likn.)
400g kjøtdeig (kyllingkjøtdeig egnar seg godt)
1liten paprika
1/2 purreløk el 2-3 vårløk
1/2 liten rødløk
1 boks mais
------

Dressing:
1 beger lettrømme
1 pk majones
1pk. tacokrydder
(el.heimelaga etter smak, oppskrift finn du her)
2ss tacosaus(kan sløyfast)
litt sitron- eller limesaft
salt og peppar

Steik kjøttdeiga godt og set den til side slik at den vert kald. Kok pasta etter anvisning på pakken og avkjøl. Hakk paprika, purre og rødløk og bland alt saman i ein stor bolle.

Rør saman alle ingrediensane til dressingen. Smak til undervegs. 

Sidan eg ikkje likar så godt når det vert for mykje majonessmak tek eg berre halve pakken og brukar litt yoghurt naturell i staden. Men dette er ei smaksak. Prøv deg fram.  Bland dressingen i salaten. Bruk ein slikkepott og vend forsiktig inn. Vert den ståande litt må du nok etterfylle med rømme. (eller yoghurt.)


 Pyntast med småtomatar og ruccola.
Serverast med f.eks focaccia og nachochips.




Velbekome, håper tacopastasalaten kan freiste.

Alva

tirsdag 24. februar 2015

Furulysalat


Huskar du skulekjøkenets Furulysalat?
 Den har eg no leita fram frå gløymselen og laga min eigen variant av. Og den er faktisk veldig god. Den er saftig og frisk og passar godt til f.eks. steikt fisk, fiskekaker, fiskegrateng osv. 

  
Dette treng du til 4 pers:


FURULYSALAT A'LA ALVA

2-3 gulrøter
1 skalk haudekål(kan sløyfast)
1 eple (2 om du droppar kålen)
1 appelsin
1 "neve" rosiner
----
2 ss. sitronsaft
2ss vatn
1/2 ts. sukker

Skrell gulrot og eple og rasp på eit rivjern. Snitt kålen. Brukar du ostehøvel får du tynne fine strimlar. Skjer appelsina i bitar og bland alt saman.  Rør ihop ingrediensane til dressingen og bland inn.
Ferdig!



 Husk og lage rikelig for dette er så godt at det forsvinn som dogg for sola!
Eg kom heim frå butikken utan kål så eg laga den utan det denne gongen. Men godt likevel!



Ser det ikkje freistande ut vel?
Berre prøv!

Velbekome!

Alva

søndag 22. februar 2015

Lune skogsbær med vaniljeis


Her kjem tips om ein meget rask, enkel og ikkje minst veldig smakfull dessert.
Eg passar på og alltid ha eit par posar med frossen skogsbærblanding og vaniljeis i fryseboksa. Då kan eg fort ha klar ein dessert på få minutt om nødvendig. Sjølvsagt hadde det vore aller best med heimelaga vaniljeis, men det er vel dei færraste av oss som har det på lur til vanlig.


Til 4 personar treng du:

Ca 300g. frosne skogsbær
50-80g sukker (alt etter kor søtt du likar det)
1 vaniljestang
litt sitronsaft

Vaniljeis.

Splitt vaniljestanga og ha den i ei panne i lag med bær og sukker. La det småkoke nokre minutt.
Smak til med litt sitron.
Ferdig!

Bærsausen serverast varm.
Ekstra godt er det med ein bit kransekake eller liknande til.




Dette smakar heilt nydelig!
Mmmmm........:)

Velbekome - håper desserten fell i smak.

Alva


lørdag 21. februar 2015

Grove vafler


I dag kan eg byde på skikkeleg grove og sunne vafler.
Desse er gode med både rømme og syltetøy, brunost eller du kan droppe sukker i røra og bruke dei i staden for brødskiver. Kjekke som nistemat på tur foreksempel.



Til ca. 8 vaffelplater treng du:

GROVE VAFLER

4 egg
1/2 dl rørsukker (eller kvitt sukker)
2dl. yoghurt naturell
5dl mjelk
2 dl.havregryn 
3,5dl. fibra eller grovbakstmjøl
2ts vaniljesukker
1/2 ts.salt
3ss.rapsolje 

Rør egg og sukker lett saman og bland i yoghurt og mjelk. Tilsett resten og rør saman til ei jamn røre. La den svelle ca. 30 min. Tilsett meir mjelk om du synest røra vert for tjukk.



Som du ser er det lite sukker i denne oppskrifta. Slik likar vi det her i huset og denne oppskrifta er heilt og haldent mi eiga. Vil du ha dei søtare brukar du meir sukker, eller det kan også sløyfast heilt om dei skal brukast med pålegg av ymse slag. Om du vil ha dei litt mindre grove byter du berre ut  litt av det grove mjølet med kveitemjøl.



Håper vaflene fell i smak!

Velbekome og lukke til:)

Alva

torsdag 19. februar 2015

Torsk med omnsbakte rotgrønsaker a-la Trine


I dag vil dele ei supergod oppskrift frå Trines Matblogg .
Denne retten med torsk, rotgrønsaker, kikerter, bacon og chilismør er utruleg smakfull og ein av favoritt- fiskerettane hos oss. Her kan ein bruke det ein har i kjøleskapet av grønsaker - og med sprøsteikt bacon i blir det ekstra mettande og godt.


Oppskrifta finn du her.

Denne gongen brukte eg litt kålrot, søtpotet og sellerirot i tillegg til det som er på bildet.
Eg brukar litt mindre poteter enn det som er oppgjeve i oppskrifta og brukar tilsvarande mengde søtpotet. Det synest eg gjev ein veldig god smak.




Chilismøret på toppen gjer denne retten noko utenom det vanlege. Eg må lage det utan chili sidan eg er allergisk mot det. Erstattar det med litt paprika og pepparmix og synest det blir veldig godt. Smakfull og mettande rett som eg absolutt kan anbefale!

Prøv då vel:)

Alva

mandag 16. februar 2015

Smakfull kyllinggryte med kikerter, yoghurt og karri.


Dette er verkeleg ei smakfull kyllinggryte og den er ein av favorittane her i huset. Kikerter er noko eg har fått sansen for siste åra. Det er både mettande, sunt og smakar godt. Her i denne retten synest eg dei kjem ordentleg til sin rett.


Lag gjerne ein stor porsjon når du først er i gong for den smakar minst like godt dagen etter.
Eg brukar å kjøpe ein 2 kilos pose med frosne kyllinglår når eg skal lage denne gryta og brukar heile pakken. Det går greit å dra skinnet av låra. Plussar også på med litt paprika og kikerter, då rekk det til to dagar for 3 personar.


Her er det du treng til kyllinggryta:



KYLLINGGRYTE MED YOGHURT OG KARRI
4 pers.

6-8 skinnfrie, rå kyllinglår delt i to
1 finhakka løk
2 fedd kvitløk, finhakka
1cm. ingefær, finhakka
1-2 ts. karri
2-3ss smør
1/2 l kyllingkraft(vatn + terning)
1/2 rød paprika i bitar
1/2 grøn paprika i bitar
1/2 gul paprika i bitar
ca. 400g hermetiske kikerter
2dl. matyoghurt
salt og nykverna peppar

Smelt smøret i ei gryte, panne eller har du ei steikepanne med høg kant er det fint å bruke. Fres løk, kvitløk og ingefær ca. 1 minutt. Ha i karri og fres 1 minutt til. Likar du det litt hot tek du 2 ts, eg synest det er nok med ei. Legg kyllingbitane i og steik dei med nokre minutt til dei har fått litt farge. Steik i to omgongar. Hell i krafta og la gryta småkoke i ca 50 min. Kjøtet skal nesten falle frå beina. Smak til med salt og peppar. Bland paprika og kikerter i gryta og la det trekke på svak varme i 10 min. Tilsett yoghurt like før servering og bland den lett inn.



Serverast som den er eller med byggris til.
Grovt brød kan også brukast.



Velbekome, håper gryta fell i smak!

Alva

lørdag 14. februar 2015

Sjokoladefondant

Har du lyst til å overraske din kjære med noko himmelsk godt på Valentinsdagen?
Då må du prøve sjokoladefondant! Det er min favorittdessert nr.1! Den er superrask og veldig enkel å lage, du rører den i hop på nokre minutt og steiketida er kort.

  
Til 6-7 stk treng du:

SJOKOLADEFONDANT

100g. mørk kokesjokolade
100g.smør
4 egg
1dl.sukker
1dl. kveitemjøl

Smelt smøret, del sjokoladen i bitar og ha den i ei skål. Tøm det varme smøret over og la det stå 2-3min til sjokoladen har smelta. Rør saman. Pisk egg og sukker lett saman og tilsett sjokoladeblandinga, rør det til ei jamn røre. Sikt over kveitemjøl og rør saman.
Smør 6-7 små porsjonsformer eller bruk doble store muffinsformer i papir. Fyll formene 3/4 fulle og steik nederst i omnen på 200 gr. ca. 7 min. Dei skal vere faste på utsida men flytande inni. Mine måtte ha eit minutt ekstra. Avkjølast nokre minutt i formene før dei kolvast forsiktig på eit fat. Skjer eit snitt inn i kaka slik at det flyt ut litt. Sikt over litt melis. 




Serverast med  friske bær, bærsaus, piska krem, is eller vaniljesaus.



Då står det berre att å nyte, gjerne med ein kopp god kaffe til!

God Valentinsdag til alle der ute!

Hmmm...... trur eg skal ta med meg min kjære ut i sola og smake på 
sjokoladefondanten:)

fredag 13. februar 2015

Fylt pita

Har du hatt den kjensla - 
du er så lei av laurdagskos-maten og har såå lyst til å finne på noko nytt....men endar opp med den same pizzaen som før eller taco. Slik hadde eg det nyleg. Etter å ha leita litt rundt på nettet etter ny inspirasjon enda eg opp med for oss ein ny variant av fylte pitabrød.

 Har hatt fylte pitabrød før men då i litt kjedelegare variantar.

Det eg laga var biffstrimlar steikt i ei nydeleg krydderblanding, tomatsalsa og rømmedressing med masse kvitløk. Det var berre vellæte rundt bordet denne laurdagskvelden:)


Her er ca. det du treng til 4 personar:

4 -8 pitabrød
( så mange du trur gjeng med)

Ca. 400g. biffkjøt i strimlar

krydderblanding:
1/2 ts.salt
1/4 ts chili
1ts.paprika
1ts.kvitløkskrydder
1ts.oregano
1ts. malt koriander



 Bland alle krydder og ha det i det oppskårne kjøtet.
Set det til side ei stund.



TOMATSALSA:

2 -3 tomatar
1/2 - 1 rødløk
2 vårløk
nykverna salt
grovkverna peppar
evt. litt frisk basilikum

Skjer tomat i bitar, hakk løk og vårløk og bland alt saman. smak til med salt og peppar og dryss litt frisk basilikum over(kan sløyfast).



RØMMEDRESSING:

1 beger lettrømme
2-3 fedd kvitløk
2ts majones
saft av 1/2 lime
litt sukker
salt-peppar
Press kvitløken med ei kvitløkspresse og bland i rømmen. Ha i resten og smak til.





Steik biffstrimlane raskt i smør. Hald kjøtet varmt til det skal brukast.




Kva ein vil servere til kan vere valgfritt. Grønn salat er sjølvskreve. I tillegg vart det mais hos oss.
Det vart pitabrød frå frysedisken denne gongen men neste gong vert det heimelaga!



Utruleg smakfult og godt, dette kjem eg definitivt til å lage fleire gongar!

Velbekome!

torsdag 12. februar 2015

Grove bollar med frukt og nøtter


I dag får du oppskrift på alternative fastelavnsbollar.
Desse bollane er baka med grovt mjøl og masse gode tørka frukt og nøtter. Dei er smakfulle og saftige og hakket sunnare enn dei tradisjonelle kveitebollane. Her kan du bruke det du har i hus av tørka frukt. Har du igjen fiken eller dadlar frå jul er det ein fin måte å få brukt opp. Og doble gjerne oppskrifta når du først er i gong for desse er kjekke å ha på lur i frysaren. Supre som turmat!


Til ca. 20 bollar treng du:

GROVE BOLLAR

100g. smør
5dl. mjelk
50g gjær
1dl. brunt sukker
1/2 ts.salt
1ts. kardemomme
ca. 700g. grovbakstmjøl
175g. tørka frukt (fiken,aprikoser, svisker,rosiner,tranebær, dadlar)
75g. valnøtter og /eller hasselnøtter (sløyfast ved allergi)

Smelt smøret, ha i mjelk og rør ut gjæra når væska er fingervarm. Tilsett sukker, salt, kardemomme, mjøl, frukt og nøtter. Elt godt saman Er deiga litt laus sper du på med litt kveitemjøl eller meir grovbakstmjøl. Sett til heving til deiga har dobbel størrelse, 40min - 1time. 



Trill ut bollar og etterhev i 30-40min.
Steikast midt i omnen ved 225gr. ca. 15minutt.


 Ferdig steikte.



 Fulle av fiber og god smak!



Brukar du dei til fastelavnsbollar så smører du litt bringebærsylte på begge snittflatene, legg på ei raus skei med krem og legg på toppen. Dryss over litt melis og nyyyyt!

Håper bollane fell i smak,
lukke til!


mandag 9. februar 2015

Tomatsuppe med fersk basilikum.


Tomatsuppe har aldri vore min favorittrett. 
Men etter at eg tok til å lage det frå botnen av har eg endra litt syn på det. Det smakar så utruleg mykje betre enn frå pose! Det kan ikkje samanliknast eingong! Så har du ikkje prøvd det så må du berre gjere det. Det er faktisk veldig enkelt og tek ikkje så mykje lenger tid enn frå pose. 
Og den ekstra tida det tek er det vel verdt.

 Med hardkokte egg i og gjerne ein klatt kesam vert det ein fullverdig middag.
Og denne suppa er veldig mettande.


Her er det du treng:




TOMATSUPPE:
4 porsj.

1 løk
2 fedd kvitløk
2 ss. tomatpure
2 boksar hakka hermetiske tomatar
2-3 soltørka tomat i bitar (kan sløyfast)
7 dl.hønsebuljong (vatn+terning)
ca. halv potte fersk basilikum(evt. tørka i ønska mengde)
Ca. 1 ts. brunt sukker (evt. litt kvitt i staden)
salt og peppar
-----
3-4 hardkokte egg

Hakk løk og kvitløk og surr i litt olje i ei panne til løken er mjuk. Ha i tomatpure og la den surre med ca. 1 minutt.  Tøm i dei hermetiske tomatane og soltørka tomat. Tilset hønsebuljong og la det koke 15-20 min. Mos med ein stavmiksar til suppa er jamn og fin. Smak til med litt sukker, salt og peppar. Hakk basilikum i bitar og ha i suppa.  La den trekke med eit par minutt.
Tilset meir vatn om du synest den vert for tjukk.

Ønsker du ei mildare suppe utan så mykje tomatsmak tek du berre 1ss. tomatpure. Du kan også tilsette litt mjelk eller fløte.



Severast med hardkokte egg i båtar, kesam og gjerne godt brød.
Focaccia er heilt perfekt til, men grove rundstykker er også supert!

Håper suppa fell i smak, velbekome!


Så eit tips til heilt på tampen:

Pass på å verne om basilikumen når du tek den med deg frå butikken. Den er ekstremt vâr på kulde og likar ikkje temperaturar under 8 grader. Så pakk den inn i ei avis eller eit klede. Når du pakkar den ut heime let du den stå med plastposen på ei stund, gjerne eit par dagar. Elles kan du risikere at den klappar i hop.  Eg brukar å ta den gradvis nedover før eg tek den heilt vekk. Husk å vatne, den likar ikkje å tørke. Ei basilikumplante på benken spreier ei herleg lukt på kjøkenet!

Lukke til!

Alva.

lørdag 7. februar 2015

Ostekake med lime

 Har du ikkje funne ut kva kake du skal lage til morsdag endå?
Du kan framleis rekke og lage denne friske ostekaka her. 


For eit år eller noko sånt sidan laga eg ei veldig god ostekake med lime etter ei oppskrift eg fann i eit hefte som fylgde eit blad. Den kaka tenkte eg at eg skulle lage til søndag. Men så finn eg ikkje att rette heftet same kor eg leitar. Så då måtte eg lage min eigen variant. Det einaste eg huskar var at kjeksbotnen skulle steikast litt og at det var lime i den. Men no har eg laga ganske mange ostekaker siste åra så eg tenkte at å dikte i hop ei skulle gå greitt. Så det har eg då gjort. Resultatet ser du her.



Botnen laga eg av diverse kjeks-og småkake-restar eg hadde liggjande.
Og slik gjorde eg det:

250 g sjokoladekjeks (f.eks safari eller liknande)
75 -100 g smør (er kjeksa veldig tørre treng du 100g.)
Knus kjeksa i ein foodprosessor eller ha dei i ein pose og knus med kjevle.
Smelt smøret og bland i kjekssmulane. Ha bakepapir på botnen av ei form på 24cm og sett på ringen. Fyll i kjeksmassa og trykk den jamt utover. Steikast på 175 grader i 10 min.
Det går også fint å ikkje steike, då set du den i kjøleskapet til den stivnar.

Når botnen er kald/stiv tek du den ut av forma, fjernar bakepapiret og legg den på eit fat. Set på att ringen. Om du synest det er vanskeleg å få av bakepapiret gjer du slik:

Legg eit fat eller liknande (eg bruker botnen av ei anna form) oppned over botnen. Snu rundt og drag av bakepapiret. Så tek du fatet kaka skal stå på og legg over, så snur du rundt igjen. Set på ringen.
Enkelt og greitt.



Så lagar du ostekremen.

Då treng du:

300g. kremost naturell
1 beger kesam eller creme fraiche
3dl. kremfløte
2dl. melis
2ts. vaniljesukker
6pl. gelatin
2stk. lime, saft og skal




Legg gelatin i bløyt i kaldt vatn.
Bland ost, kesam, melis og vaniljesukker i ein bolle og visp godt saman. Pisk fløten stiv og bland med ostemassa. Riv skalet på limane, kun det grøne og bland det i kremen. Press ut all safta og ha det i ei panne, klem vatnet ut av gelatinen og ha den i limesafta. Varm så mykje at det smeltar. Avkjøl litt og rør det inn i ostekremen i ein tynn stråle.  Fyllast i forma over  botnen og glattast ut. Set kjølig nokre timar til det stivnar. Om du ønsker det kan du ha over f.eks gul gele når kaka er stiv. Då kokar du pulver frå ein pakke men bruk berre 4 dl. vatn, hellast over ostekremen når den er kald medan ringen enno er på. Pyntast etter ønske.


 Denne smakte friskt og godt med ein klar smak av lime.





 Likar du ikkje lime like godt som meg kan du byte ut med f.eks. sitron.



Synest den limefarga orkideen min passa så godt som dekorasjon til sjølv om den vart litt gulare på bilde enn den egentlig er.


Håper kaka fell i smak!
Kom gjerne med tilbakemelding om du har laga den, enten i kommentarfeltet her eller på facebooksida som også heiter matlaging.

Då ynskjer eg alle mødre der ute ein retteleg flott morsdag!

Alva