fredag 20. mars 2015

Solbollar



Sidan det har vore så mykje snakk om sola og solformørking siste dagane vart eg freista til å lage solbollar i dag. Her fekk vi desverre ikkje sjå solformørkinga sidan det var gråver og skodde, men merka at lyset vart annaleis og at det vart mørkare.



Så her får du oppskrift på mine deilige og fløyelsmjuke solbollar, heilt etter eiga oppskrift.
Desse smakar heilt himmelsk godt og passar bra å lage no når det nærmar seg påske. Kjekke å ha på lur i frysaren. Om du tinar dei i microen og skjerpar dei litt på varmluft i steikeomnen vert dei nett som nysteikte igjen.


 Eg lagar eggekremen frå botnen av for det smakar så mykje bedre enn frå pakke og det er ganske enkelt å få til også. Men det går sjølvsagt an å bruke ferdig krem om du ynskjer det.
Men her er i allefall mi oppskrift. Eg lagar den først slik at den får avkjølt seg.

EGGEKREM

5 dl. H-mjelk
4 eggeplommer
2ss. sukker
4ts. maizenna
1/2 vaniljestang

Skrap frøa ut av vaniljestanga og kok dei og resten av stanga i litt av mjelka. Sett til side. Bland resten av ingrediensane i ei lita panne med tjukk botn og rør godt saman. Tilsett mjelka med vaniljen. Kok opp under stadig omrøring elles vil den svi seg. Ta av plata når det kokar og sett til avkjøling.
Husk å ta ut vaniljestanga.




Så lagar du gjærdeiga:

SOLBOLLAR
Ca. 24 stk.

100g. smør
3,5 dl. mjelk
50g.gjær 
1/2dl sukker 
1/2 ts salt
1ts kardemomme
1ts bakepulver
 Ca 8 dl. kveitemjøl

Smelt smøret og tøm i mjelka. La det bli fingervarmt.  Smuldre gjæra i bakebollen og slå over væska. Rør ut gjæra. Ha i det meste av mjølet, sukker, salt, kardemomme og bakepulver og rør godt saman til ei smidig deig. Tilsett meir mjøl om nødvendig. Du kan godt bruke miksar men det er ikkje nødvendig. Sett deiga på ein lun stad til den har fått dobbel størrelse, ca. 45 min. Medan den hevar  lagar du kanelfyllet:

3-4ss. mjukt smør
1-2ss sukker
2ts. kanel
Bland alt og rør godt saman.




Kjevle deiga ut til ein leiv på ca. 30x60cm. Smør på kanelfyllet og ca. 3/4 av eggekremen over det.


Rull saman til ei lang pølse. Pass på at du får skjøten ned.

Tips når du rullar:
Løft litt på deiga medan du rullar slik at fyllet ikkje blir pressa framover.




Skjer opp ca 24 bitar omlag 2,5cm tjukke og legg på bakepapirkledd steikebrett.




Så kjem mitt vesle "triks":
Lag ei lita grop i midten av snurrane med ei teskjei og fyll i resten av eggekremen.

Etterhev ca. 30 min.
Steikast midt i omnen på 200 gr. ca. 15 min.
Avkjølast på rist.


Deilig nysteikt og duftande bakverk!





Pyntast med litt melisglasur når dei er kalde.



Mmmmmm! Desse er gode!

Vart du freista til å lage solbollar no?

Lukke til!

Alva

mandag 16. mars 2015

Omnsomelett med skinke og brokkoli



I dag kan eg freiste med ein deilig og smakfull omnsomelett. Dette er lettvint mat som treng litt tid i omen men som til gjengjeld smakar himmelsk godt når den er ferdig. Den kan brukast både som lunsj og middag eller som ein kveldsrett i godt lag.



Her er det du treng til 4 porsjonar:

OMNSOMELETT MED SKINKE OG BROKKOLI

1 brokkoli
1 purreløk
1 boks bogskinke i bitar eller
 tilsvarande mengde anna skinke
6 egg
4dl fløte (evt. halvparten lettrømme)
3dl. reven ost
salt,peppar
frisk timian eller basilikum (evt. tørka)
10 små tomatar eller 3 store
svarte oliven(kan sløyfast)

Sett steikeomnen på 200grader. Smør ei ildfast form med litt smør.
Skyll purreløken godt og skjer i cm tjukke bitar. Del opp brokkolien i små bukettar og kok i lettsalta vatn 1min i lag med purreløken. Tøm i eit dørslag og la alt vatnet renne av. Tørk lett med kjøkkenpapir. Fordel grønsakene i den ildfaste forma i lag med den oppskårne skinka. Lag ei røre av egg og fløte, tilsett krydder og osten tilslutt. Tøm røra i forma. Del småtomatane i to eller skjer store tomatar i tjukke skiver og legg på toppen. Oliven er også godt i og leggast evt. mellom tomatane. Hos oss sløyfer eg det for far i huset likar ikkje oliven. Steikast midt i omnen i 40-45min til røra er fast.



Serverast med ein grønn salat og evt. focaccia.



Lettvint og god alt-i eitt mat.



Tips:
Om du ønsker ein litt magrare variant tek du halvparten kremfløte og halvparten lettrømme.




Då håper eg denne deilige omnsomeletten fell i smak!

Velbekome!

Alva

fredag 13. mars 2015

Laks med lun potetsalat



Her kjem oppskrift på ein kjempegod lakserett som kan brukast som både lunsj og middag.
Den er veldig populær her i huset. Oppskrifta fann eg for mange år sidan i ein foldar ein eller anna plass i frå og så har eg gjort nokre små endringar. Opprinneleg skal fisken steikast i steikepanne, men hos oss likar vi den best omnssteikt så det gjer eg til denne retten også. Men det er fritt fram å steike den på steikepanne om ein heller vil det.


Her er det du treng til 4 pers.


LAKS MED LUN POTETSALAT:

400g laksefilet utan skinn og bein
litt olivenolje
salt og peppar
-------
5-6 kokte poteter ( ca. 600g rå)
2 stilkar stangselleri i bitar
3 vårløk i bitar
3ss hakka dill
1-2 sitronar i båtar

Dressing:

2,5dl.creme fraiche
3-4ss yoghurt naturell 
1ss frisk dill,hakka
safta av 1 lime
3ss olivenolje
1ts. sukker
salt og peppar

Skjer laksen i passe serveringstykker og steik den på steikepanne eller gjer som meg og steik den i  steikeomn på 180g ca. 12- 15min. alt etter kor store stykka er. 

Skjer dei kokte potetene i litt store bitar, og bland saman med stangselleri, vårløk  og dill.
Potetene kan godt vere litt lune, men ikkje varme.

Rør saman ingrediensane til dressingen og smak til med salt og peppar.
Hell blandinga over potetene og rør forsiktig om eller du kan også legge potetblandinga på eit fat og ringle dressingen over. Dander laksen på. Pynt med sitronbåtar og frisk dill.




Dette er supert som gjestemat og her kan du verkeleg imponere gjestane ved å legge retten  opp på tallerkenane som porsjonar og pynte og dandere slik at det ser retteleg så lekkert ut. Og med eit glas kvitvin til vert det eit ordentleg festmåltid!



Håper du vart freista til å prøve - dette er verkeleg godt!

Velbekome, håper det fell i smak:)

Alva

torsdag 12. mars 2015

Byggriskrem



Har du prøvd å lage riskrem av byggryn? Viss ikkje så anbefalar eg at du gjer det for det smakar veldig godt. Den har litt meir tyggemotstand enn tradisjonell riskrem og litt kraftigare smak. Den er kanskje ikkje så barnevenleg som den av grautris men absolutt verdt å prøve likevel.


Det ein må huske på er å leggje byggryn i bløyt natta over om du ikkje gjer som eg gjorde.
Eg hadde nemleg ikkje heile byggryn i hus, men eg hadde byggris i porsjonsposar. Så det eg gjorde var å legge to slike porsjonspakkar i kaldt vatn eit par timar og kokte dei så i mjelk slik at det vart graut av det.


Så her er oppskrifta etter mi metode:

BYGGRISKREM
4 porsj.

2 porsjonspakkar byggris
Ca.4 dl. mjelk
1/2 ts salt
--------------
3dl. kremfløte
1,5 ss sukker
2ts. vaniljesukker

Legg pakkane med byggris i bløyt i kaldt vatn eit par timar. Kok opp mjelka og tøm byggrisen i (ta av posane) Tilsett salt og la det småkoke 15-20 minutt. Rør ofte slik at det ikkje svir seg. Avkjøl grauten. Pisk fløten ikkje altfor stiv ( er kremen for stiv vert byggriskremen veldig fast og tørr) saman med sukker og vaniljesukker og bland inn i den avkjølte grauten. Smak til.

Ønsker du lage graut av vanlege byggryn legg du 80g gryn i bløyt over natta og kokar dei i 15 minutt i bløytevatnet. Hell av vatnet og kok vidare med 6dl mjelk og 1/2 ts salt. Kokast i ca 45min til byggryna er møyre. Husk å røre ofte. Avkjøl.



Bærsausen lagar eg enkelt ved å koke opp 1dl vatn og 1dl sukker og har i ca. 300g frosne bringebær. Lar det stå til bæra har tina og køyrer det i hop med stavmiksar. Kan smakast til med litt sitron eller med ei halv vaniljestang i sukkerlaken.




Då seier eg velbekome og håper at byggris kan falle i smak!

Alva

tirsdag 10. mars 2015

Biff Stroganoff med fløtegratinerte poteter



Biff Stroganoff er ein gryterett eg huskar godt frå barndomen. Det var litt eksklusivt den gongen på 70-talet og namnet gjorde den nok litt eksta spennande. Dette er ein rett det nok finst mange ulike variantar av. Dette er min eigen variant og her er nok ingrediensar som ikkje skal vere med i den orginale oppskrifta. Men denne smakar veldig godt etter mi meining. Så kan ein kanskje krydre annaleis om ein ønsker det. Det er uansett viktig å smake til undervegs. 



Her er mi oppskrift:
Til 4 pers.

BIFF STROGANOF A' LA ALVA

Ca. 500g biffkjøt 
1 stor gul løk eller 2 mindre
4-5 champignon
2ss. tomatpure
1ss dijonsennep
1ts. brunt sukker/rørsukker
Ca. 3dl vatn
1dl. rødvin
3dl. creme fraiche(ikkje lett)
2 ts. paprikapulver
salt og peppar

Skjer kjøttet i strimlar og steik i smør i to omgongar i ei steikepanne.Krydre med litt salt og peppar.  Ha kjøtet over i ei gryte/panne. Kok ut steikepanna med litt av vatnet og tøm det over kjøttet. Skjer løk i båtar og sopp i skiver og fres i litt smør til det har fått farge. Krydre med salt og peppar. Ha løk/soppblandinga over i panna i lag med kjøtet. Kok ut steikepanna igjen og ha krafta i panna. Tilsett tomatpure, sennep, rødvin, sukker, paprikapulver og resten av vatnet. Rør inn creme fraiche og la det heile koke ca. 30 min. eller til kjøtet er møyrt. Smak til med salt og peppar. 








Serverast med fløtegratinerte poteter, heimelaga potetmos, kokte poteter eller ris. 
Grønsaker etter eige ønske. Eg synest rosenkål eller broccoli høver godt til.
Ein grønn salat passar også til.


 Dette er nydeleg søndagsmiddag eller gjestemat!

Vi hadde fløtegratinerte poteter til denne gongen og her er mi oppskrift på det:


FLØTEGRATINERTE POTETER:
4 porsj.

4 store eller 8 mindre poteter
2 fedd kvitløk 
3dl. fløte eller fløtemjelk
salt og peppar
2dl. reven ost

Sett steikomnen på 200 grader.
Skrell potetene og skjer dei i ikkje alt for tjukke skiver. Legg dei i eit ildfast fat og strø over hakka kvitløk. Er du ikkje like glad i kvitløk som meg brukar du litt vanleg løk eller sjalottløk. Dryss over salt og peppar. Slå over fløten og gratiner midt i omnen i ca 1 time. Når det er igjen ca 20 min. tek du ut forma og drysser over osten. Sett inn i omnen igjen og steik ferdig. Den skal ha ein fin og gylden farge og potetene skal vere mjuke.




Då står det berre att å seie velbekome,
håper det fell i smak!

Alva

lørdag 7. mars 2015

Mislykka sjokoladekake




Neida, eg har ikkje vore uheldig med sjokoladekaka - den heiter faktisk mislykka sjokoladekake!
Og den skulle igrunnen vere endå meir mislykka - den skal nærast vera litt flyande i midten. Men mi vart bittelitt for mykje steikt så den er "berre" klissete. Men fy søren så god! Med ein klatt piska krem  og ein kopp kaffe til var den fantastisk god som dessert etter ein nydelig fiskerett. 

Kaka bør helst lagast dagen før den skal brukast slik at den får sette seg litt sidan den er så laus i konsistensen.

Den er også glutenfri ettersom det ikkje er kveitemjøl i den.


Og her er oppskrifta:

MISLYKKA SJOKOLADEKAKE

150g smør
100g. melkesjokolade
3egg
3dl sukker
1 klype salt
1ts. vaniljesukker
1/2 dl. kakao
1/2 dl. potetmjøl
Sett omnen på 175grader. Kle ei rund kakeform (24cm) med bakepapir.
Smelt smøret i ei tjukkbotna panne. Bryt sjokoladen i bitar. Ta smøret av varmen og la sjokoladen smelte ned på ettervarmen. Pisk egg, sukker, salt og vaniljesukker luftig.  Bland i sjokoladesmøret. Sikt i kakao og potetmjøl og bland godt. Hell røra i forma og steik ca. 35 min. Kaka skal vere rå i midten. Avkjøl og la kaka stå kaldt til neste dag. Løsne bakepapiret forsiktig og server kaka  med piska krem og evt. bær.






Nam nam! Fristande!



Super dessertkake!

Håper denne kan falle i smak,
velbekome!

Alva

onsdag 4. mars 2015

Svinefilet med svisker og yoghurt



I dag kan eg byde på ein utruleg god rett med  bl.a. svinefilet, svisker, og yoghurt. Gode smakstilsetjingar som sennep, honning, konjakk og kvitvin gjer at det luktar heilt himmelsk på kjøkenet når den står på koking. Dette er ein søndagsmiddag-favoritt her i huset. Med så mykje godsaker i er det nok ingen kvardagsrett, men den er super som gjestemat! Oppskrifta har eg faktisk funne i ei av bøkene til Fedon Lindberg. Men ikkje la deg skreme av det for dette minner ikkje mykje om slankemat:)



Dette treng du til 4 personar:

Ca. 500g svinefilet 
2ss kveitemjøl med litt salt og peppar
smør til steiking
--------
20 svisker, steinfrie
2ss brandy eller konjakk
3dl. kvitvin
1ss dijonsennep
1ss honning
2dl. matyoghurt eller kesam
salt, peppar

Skjer fileten i medaljongar (denne gongen brukte eg indrefilet og det var heilt perfekt) og dypp kjøtet i kveitemjølsblandinga slik at det er dekt av mjøl. Varm smør i ei steikepanne og steik kjøtet på middels varme ca. 3 min. på kvar side. Ta opp kjøtet og hald det varmt under folie. Ha svisker, brennevin, vin, sennep og honning i steikepanna og la det surre til halve væskemengda har kokt inn. Tilsett yoghurt  og rør til du får ein krema saus. Smak til med salt og peppar. Legg i kjøtet og  varm opp utan at det kokar.




Serverast med f.eks. broccoli, blomkål og ein frisk salat.



Eg synest det er godt med bl.a. mango og jordbær i salaten.



Dette er ein smakfull rett med ein nydeleg saus. Kombinasjonen  sennep og honning er heilt super!
Anbefalast!


Velbekome....
håper det fell i smak!

Alva.