søndag 31. mai 2015

Lettvint fruktstang med rabarbra.


No er det rabarbratid - og desse syrlege, knasande stilkane kan brukast til mykje godt.
Eg er veldig glad i rabarbrakake, men både rabarbragraut, -suppe og -pai er heller ikkje å forakte.
Og saft og syltetøy er sjølvsagt også heilt supert.

 Men i dag skal du få oppskrift på ei lettvint stang fylt med deilig rabarbra.
Dette er ei oppskrift eg har hatt med meg i mange år. Men eg må tilstå at no er det mange år sidan eg laga den. Det er gjerne slik at enkelte oppskrifter går litt i gløymeboka, men då er det dess 
meir kjekt når ein oppdagar dei på nytt.



 Så her måtte eg fram med ei av mine eldste oppskriftbøker der eg sirleg har skreve inn alle
oppskrifter for hand og sidene er fulle av flekkar. Denne oppskrifta er langt framme i boka så det tyder på at den er frå mi tidlegaste karriere som husmor først på 80-talet. Den vart i alle fall 
ofte laga nettopp fordi den er lettvint og fordi den har rimlege ingrediensar.
 Og at den i tillegg er knakande god er berre eit pluss:)

Du kan også byte ut rabarbra med eple om du ikkje har tilgong på rabarbra.


Her er oppskrifta:

LETTVINT FRUKTSTANG

100g smør
4dl kveitemjøl
3ss sukker
1ts bakepulver
1ts vaniljesukker
1 egg
1eggeplomme
1/2 dl mjelk

fyll:
ca 3 stilkar rabarbra (evt. 2 eple)
3ss sukker
1ts kanel(kan sløyfast)

pynt:
30-40g hakka mandlar
perlesukker
1 eggekvite til pensling

Sett steikomnen på 200grader. Smuldre smøret i mjølet til det blir ei grynete masse. Bland inn sukker, bakepulver og vaniljesukker. Tilsett egg og mjelk og rør deiga raskt saman.



Kjevle ut deiga til eit rektangel så langt som steikebrettet si breidde.
Eg brukar å kjevle rett på bakepapiret og så dra det over på plata.

Skjer rabarbraen i centimeter store bitar og legg dei midt etter leiven.
Dryss over sukker og kanel.




Skjer 2-3cm breide strimlar litt på skrå slik som på bildet og brett strimlane vekselsvis over 
rabarbraen slik at den blir dekt. Brett opp endane slik at fyllet ikkje renn ut under steiking.


Pensle med eggekvite og dryss over hakka mandlar og perlesukker.
Steikast midt i omnen ca. 20 min.
Avkjølast på rist.



 Denne smakar aller best nysteikt og lunken - gjerne med is eller piska krem til.
Den kan fint frysast. La den tine på kjøkenbenken før du varmar den nokre minutt
på varmluft i steikomnen. Då vert den som nysteikt igjen.




Mmmmm. dette smakar himmelsk godt!


Freistande?

Ser ikkje vekk i frå at det kjem fleire oppskrifter med rabarbra i etterkvart.




Håper denne fruktstanga kan falle i smak.

Velbekome!

Alva


lørdag 23. mai 2015

Appelsinris



Kven huskar vel ikkje desserten appelsinris frå skulekjøkenet!
Dei fleste av oss stifta vel bekjentskap med den for første og kanskje einaste gong der :)
Eg har laga den nokre få gongar etter den tid - men det er jammen ikkje mange gongar.
I påska tok eg og laga den til familien og skulle legge ut oppskrifta her tenkte eg.
Men så takka pc-en min for seg og var vekke frå meg i 6-veker. 

Men den kan vel passe like godt til dessert i pinsa som i påska vel:)



Eg har modernisert oppskrifta litt i forhold til skulekjøkenoppskrifta.
Der laga vi risgrauten på vatn og brukte mjelk i staden for fløte i kremen.
Eg lagar den omlag slik vi lagar tradisjonell riskrem. I tillegg har den fått følge av ein frisk og
deilig appelsinsaus som absolutt vart prikken over i-en!




Her er ny og meir moderne oppskrift:

APPELSINRIS:
5-6 porsjonar

4-5 dl ferdig kokt risgraut
3 appelsiner (eine til pynt)
3ss sukker
2ts. vaniljesukker
3-4 dl kremfløte

Bruk restar av risgraut eller kok etter anvisning på pakken. Avkjøl heilt.
Skrell to av appelsinene og skjer dei i terningar. Bland terningane i grauten saman med sukker og
vaniljesukker. Smak til. Pisk fløten stiv og vend forsiktig inn i appelsinrisen.

Appelsinsaus:

1 dl vatn
skal av 1/2 appelsin (kun det gule)
saft av 2 appelsiner - ca 2 dl
(evt byte ut eine med juice)
saft av 1/2 sitron
3 ss sukker
evt. 1 kanelstang
1 ts potetmjøl
2 ss vatn

Kok opp vatn, appelsinsaft, vaska skal av appelsin og sitron, sukker og evt. kanelstang. Den kan sløyfast om du ikkje ønsker kanelsmak. Sil blandinga, hell tilbake i kjelen og kok opp på nytt.
 Rør potetmjølet ut i vatn og jamn sausen. Gi eit raskt oppkok og avkjøl.



Skrell den siste appelsina og skjer vekk alt det kvite slik at du tydelig ser "veggane"på båtane.
Bruk ein skarp kniv og skjer ut fine "filetar". Desse brukar du til å pynte med.



Legg appelsinrisen i porsjonsskåler eller ei serveringsskål.
Pynt med appelsinbåtane og gjerne sitronmelisse.
Serverast med appelsinsausen.







Mmmmm....dette smakar heilt nydelig!









Håper du vart freista til å lage appelsinris til dessert:)

Velbekome!

Alva

torsdag 21. mai 2015

Pinsekake



Eg slår like godt til med endå ei kakeoppskrift eg:)
Tenkte denne passa bra no for den heiter nemlig pinsekake.
Den har to sprø mandelmarengsbotnar og ein deilig sitronkrem som skal
i mellom botnane og på toppen.



 Her er oppskrifta:

PINSEKAKE

175 g mandlar
4 eggekviter
2 dl sukker

Sitronkrem:

1/2 dl kveitemjøl
1 3/4 dl sukker
2 dl vatn
2 eggeplommer
1 1/2 dl kremfløte
revet skal av 1 sitron
5 ss pressa sitronsaft

Pynt:
3dl kremfløte
jordbær

Mal mandlane. Visp eggekvitene heilt stive, tilsett sukkeret litt om gongen under visping.
Vend inn mandlane. Teikn to runde sirklar på ca. 24 cm i diameter  på bakepapir. Fordel røra
på sirklane. Steik botnane midt i omnen ved 175 grader i 20-25 min.

(Eg brukar varmluft og steiker begge i ein gong)




Ha mjøl, sukker og vatn til fyllet i ein kjele. Kok opp og la det småkoke under omrøring  ca 10 min.
Ta kjelen av varmen og visp inn eggeplommene. Varm kremen til kokepunktet, må IKKJE koke!
Sett den til avkjøling. Rør inn sitronskal og -saft. Visp fløten stiv og bland den med sitronkremen. 
Rør til ein glatt krem.



Legg botnane saman med ca. halvparten av kremen som fyll resten oppå.
Visp kremfløten stiv og sprøyt rundt kanten og pynt kaka etter ønske.
(Eller som eg har gjort)



Denne kaka hadde eg med meg på besøk så eg fekk ikkje teke bilde av den etter at den var opna.
Men kaka var i allefall veldig god og fekk gode skussmål der den kom.




Håper pinsekaka kan freiste!

Velbekome!

Alva

mandag 18. mai 2015

Kjøttbrød med bacon og omnsteikte rotgrønsaker




I dag får du oppskrift på ein lettvint og grei middag som passar både til kvardag og helg.
Her skal alt steikast i steikeomnen. Eg synest det er veldig godt med omnsteikte rotgrønsaker - dei får liksom ein heilt anna smak enn om dei er kokte. Og i kombinasjon med dette deilige kjøttbrødet vart det veldig smakfullt.



Her er oppskrifta:

KJØTTBRØD:
4 pers.

ca.400 g. karbonadedeig eller kjøttdeig
1 ts.salt
1/4 ts. pepper
1ts. oregano el. provencekrydder
2 strøkne ss. potetmjøl
2.5dl vatn (eller mjelk)
1 egg (kan sløyfast)
litt reven eller finhakka løk(kan sløyfast)
Ca. 8 tynne strimlar bacon.
---------
6-8 middels store poteter
3-4 gulrøtter
2 -3 løk
3 dl. buljong (vatn + terning)
2 ss smelta smør
1 1/2 ss soyasaus
persille

Rør kjøttdeig/karbonadedeig seig med saltet. Tilset krydder og potemjøl og bland godt. Spe med væska litt etter litt. Rør evt. inn egget tilslutt saman med løken.  Ha farsen over i ei smurt ildfast form.
Du kan enten bruke ei stor form slik at du får grønsakene ved sidan av eller to mindre slik at dei går ved sidan av kvarandre i steikomnen. Form farsen til eit avlangt brød. Bruk ein slikkepott eller hendene dyppa i kaldt vatn. Dekk overflata med baconstrimlar.
Sett steikomnen på 250 grader og begynn på grønsakene.




Skjer poteter i båtar (du bestemmer sjølv om du vil skrelle dei, eg likar dei med skalet på)
gulrøtter i skiver og løk i båtar. Forvell løk og gulrot i buljongen 3-4 minutt. Ta vare på buljongen, den kan brukast til saus. Legg poteter, løk og gulrot rundt kjøttbrødet eller i ei eiga form slik eg har gjort. Ringle over smelta smør og soyasaus. Sett midt i omnen og reduser varmen til 200 grader.
Slå ca 1dl av buljongen over grønsakene etter ca halve steiketida. Rør litt i grønsakene underveis i steikinga. Steikast ca. 45min til grønsakene er mjuke og gyldne og kjøttbrødet gjennomsteikt.



Server direkte frå forma om du lagar det i ei stor eller ha brødet over på eit  serveringsfat og 
dander grønsakene rundt. Klipp over persille  og server :)



 Ønsker du meir saus til kan du bruke resten av buljongen og tilsette litt brun maizenna.
Men denne retten er så saftig at det er ikkje behov for så mykje saus til.





Nydelig mat som både er lettvint, rimelig og barnevenleg!








Velbekome, håper denne retten kan falle i smak!

Helsing Alva

torsdag 14. mai 2015

17.mai kake




Det florerer med alskens deilige oppskrifter på kaker til 17.mai rundt om på nettet
og her er mitt bidrag. Det er vanskelig å finne opp kruttet på nytt - men her har eg komponert i hop
ei kake etter min eigen smak med element frå fleire kaker eg likar godt.



Og kaka vart knakande god om eg får seie det sjølv:)
Her har eg laga den slik at den passar til 17.mai, men med enkle grep kan den tilpassast andre
høve ved å skifte ut fargen på geleen, bruke andre bær eller frukt, eller tilsette ein anna smak i fromasjen. Eg likar godt å eksperimentere når eg bakar og lagar gjerne nye vriar på kakene. Eg følgjer sjeldan oppskriftene til punkt og prikke. 



Og her er oppskrifta:
Eg har ikkje funne eit godt namn på den endå så forløpig heiter den berre

ALVAS 17. MAI KAKE

Mandelbotn:

150 g malte mandlar
120 g melis
2 egg
1 lita ts. bakepulver
--------

Yoghurtfromasj:

3 dl kremfløte
75-100 g sukker
(er sitron stor må du nok ha største mengde sukker)
1 stort beger (5 dl) yoghurt naturell 
2ts vaniljesukker
6 pl. gelatin
safta av 1 sitron

---------

Fyll og pynt:

1 pk raud gele med bringebærsmak
1 korg jordbær
1 beger blåbær

Sett steikomnen på 180 grader. Ha bakepapir i botnen av ei rund form på 26 cm og set på ringen.
Mal mandlane på mandelkvern. Pisk egg og melis til eggedosis, bland bakepulver i dei malte mandlane og vend forsiktig inn i eggedosisen. Fyll røra i forma og steik midt i omnen i 20-25 min.
Avkjølast på rist. Ta av ringen, snu forsiktig botnen oppned - litt på skrå medan du støttar med eine handa og dra forsiktig av bakepapiret. Legg botnen på eit kakefat og set på igjen ringen. Pass på at ringen ligg tett inntil botnen.

Så lagar du fromasjen:
Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn ca 10 min. Visp fløten stiv med sukker. Vend inn vaniljesukker og yoghurt. Her har eg brukt naturell for då blir fromasjen heilt kvit noko som høver godt til ei 17.mai kake. Men den med melon og mangosmak passar også godt til denne kaka - særleg om du byter ut bæra med  frukt. Kok opp sitronsafta, kryst det meste av vatnet ut av gelatinplatene og la dei smelte i den varme sitronsafta. Hell det i fløteblandinga i ein tynn stråle medan du rører godt. Slå blandinga over mandelbotnen og set kjølig til det er heilt stivt.

Mulig nokon vil synest fromasjen ikkje er søt nok - smak til etter at du har hatt i sitronsafta. Om du synest den er litt sur kan du blande inn litt melis. 

Kok gele av pakken men bruk berre 4 dl.vatn. La den verte heilt kald men ikkje stiv.




Når fromasjen er stiv fyller du den med halve jordbær og blåbær før du heller geleen forsiktig over med ei ause. Set kaldt til geleen er heilt stiv.




Skjær forsiktig rundt kanten med ein brei kniv el.liknande og ta av ringen. Pynt gjerne med litt ekstra bær på toppen og eit 17.mai band rundt kanten nede.





 Denne kaka er best å lage dagen før den skal brukast og den er fint holdbar i fleire dagar ved 
oppbevaring i kjøleskap.











Slik vart altså mi sjølvkomponerte 17.mai kake:)
Er i grunnen veldig fornøgd med den!

Håper den kan falle i smak hos deg også! 
Velbekome!

Alva


mandag 11. mai 2015

"Dronningen av Saba"



Her kjem oppskrift på nok ei kakebombe!
Denne gong ei himmelsk god og klissete sjokoladekake.
Ei av dei bedre eg har smakt og det har berre vore vellæte frå alle som har fått
den servert hos meg. Ja til og med ei som elskar sjokoladekake meinte at den danka ut favoritt-
sjokoladekaka hennar:) Så her er det berre å hive seg rundt og prøve ut!

Her er oppskrifta:

DRONNINGEN AV SABA:

125 g kokesjokolade
2 ss kaffe
100 g smør
160 g sukker
3 egg
1 ss sukker
(som blandast med eggekvitene)
60 g malte mandlar
60 g kveitemjøl

GLASUR:
150 g kokesjokolade
2 ss kaffe
75 g smør

PYNT:
12 skolda mandlar
tropiske frukter
(mango, sharonfrukt eller stjernefrukt)

Sett omnen på 175 grader. Ha bakepapir i ei rund form på 24 cm og sett på ringen. 
(Eller smør forma)
Smelt sjokoladen i kaffen. Rør smør og sukker kvitt. Skil egga og rør eggeplommene inn i smørkremen. Bland i den smelta sjokoladen saman med malte mandlar og kveitemjøl. Visp eggekvitene stive med 1 ss sukker og vend det inn i røra. Hell røra i forma. Steikast på nederste rille ca. 25 min. Hos meg sto den litt lenger. Kaka skal vere litt lite steikt, saftig og litt klissete.
Ta den ut av forma etter 10 minutters avkjøling på rist, avkjøl heilt.

Glasur: Smelt sjokoladen forsiktig i kaffen. Rør inn smøret i små porsjonar og pisk godt. Ha glasuren over kaka når den begynner å stivne. Pynt med halve skolda mandlar og tropiske frukter.
Serverast gjerne med piska krem og tropisk fruktblanding.





Søt, klissete og deilig sjokoladekake!


Mmmmm.....freistande - ikkje sant?
Håper denne deilige sjokoladekaka fell i smak!

Velbekome!

Alva

lørdag 9. mai 2015

Frokostbrød




Har du lyst på noko godt til frokosten i morgon?
Då må du prøve desse deilige frokostbrøda. Desse er også supre som turmat eller til niste på 
arbeid eller skule. Då kan du rute dei opp slik at bitane vert litt større.



Her er oppskrifta:

FROKOSTBRØD:

50 g gjær
50 g. smør
5 dl mjelk
1 ts salt
3dl sammalt kveite, grov
8 - 9 dl kveitemjøl

Garnering:
1 egg
sesamfrø, linfrø, solsikkekjerner, havregryn.

Smuldre gjæra i bakebollen. Smelt smøret, tilsett mjelka  og la det bli fingervarmt.
Tøm i bakebollen og tilsett resten av ingrediensane. Hald av litt av kveitemjølet til du ser kor mykje du treng. Rør godt saman og elt til du har ei smidig deig, helst med miksar. La den gjerne gå i 10-12 minutt. Dekk til og hev til dobbel størrelse.




Ønsker du grovare brød brukar du meir grovt mjøl, gjerne andre sortar.  Fibra kan fint brukast i staden for noko av kveitemjølet og eg har også brukt grovbakstmjøl i staden for grovkveite - då har eg gått opp til 5dl grovt.(Husk då å redusere kveitemjølsmengda tilsvarande)




Når deiga er ferdig heva tømer du den på benken og eltar lett. Delast i to like delar som kjevlast ut til avlange leivar slik at dei passar til steikebrettet som vist på bildet over.
Etterhevast ca. 30 min. 



Prikk leivane med ein gaffel og marker 8 - 12 bitar etter kor store du vil ha dei.
Bruk ein skarp kniv og trykk rett ned eller dra forsiktig over med eit pizzahjul.
Pensle med egg eller vatn og strø over frø.
Steikast ved 240 grader 10-12 min til dei har fått ein gylden farge.

Avkjølast på rist og brytast forsiktig frå kvarandre.




Supert brød til matpakka!



Deilig til frokost eller lunsj.

Synest desse er kjempegode og laga dei ofte då borna gjekk på skule og brukte dei som niste
med ost og skinke imellom. 

Håper frokostbrøda fell i smak!

 Alva.