fredag 31. juli 2015

Grove scones




Scones er supert å trive til om du plutselig oppdagar at du er tom for brød.
Det tek ikkje lenger tid å lage enn det omnen treng for å bli varm. Eg synest dei fleste oppskriftene
har for lite grovt mjøl i seg så no har eg prøvd meg fram til ei oppskrift der dei vert grove, saftige og utruleg smakfulle!

Desse er utan kveitemjøl, eg brukar spelt i staden.
Men dei går sjølvsagt an å lage med vanleg kveitemjøl også.
Eg brukar heller ikkje sukker i, men likar du dei litt søte tilset du 1ss. sukker 
eller honning.




Her er oppskrifta mi:

GROVE SCONES
8stk

1,5dl valnøtter
1dl store havregryn(evt. lettkokte)
1 dl fin spelt
1 dl sammalt kveite grov
1 dl fibra
1ss linfrø
2ts bakepulver
1/2 ts salt
50 g smør i terningar
1,5 dl yoghurt naturell

Sett steikeomnen på 250 grader.
Ha valnøtter og havregryn i ein fooprosessor ( har du ikkje det brukar du lettkokte havregryn og finhakkar valnøttene) Køyr det nokre sekund slik at det vert finhakka. Ha i resten av mjølsortane pluss salt og smør og køyr til smøret er smuldra inn. Event. smuldre smøret for hand om du ikkje har foodprosessor.  Ha i yoghurt og la maskina gå til deiga så vidt har samla seg. Ikkje la den gå for lenge. Evt. rørast for hand til alt er godt blanda og du har fått ei deig. Den skal vere litt laus men 
ikkje klissete. Tilsett evt. litt meir speltmjøl.

Tøm deiga på ei steikeplate som er kledd med bakepapir og klapp den ut til ei rund kake på ca 20cm.
Bruk eit pizzahjul eller ein skarp kniv og del opp i 8 snippar (sjå bilde over) Prikk med ein gaffel 
og steik midt i omnen ca. 12 minutt. Mine var akkurat ferdige etter 12 min. men sidan omnane er så forskjellige kan det variere. Du må berre følge med. Ikkje steik for lenge for då blir dei tørre og 
smulete. Avkjøl på rist og bryt dei frå kvarandre.





Dei smakar aller best nysteikt men går fint an å fryse.

Håper grove scones kan freiste,
velbekome og lukke til!

Alva

torsdag 30. juli 2015

Mynte-iste




Er du så heldig å ha mynte i hagen kan du lage din eigen deilige iste.
Det er kjempeenkelt og tek ikkje lang tid.



Slik gjer du:

Plukk ein liten neve med mynteblad og skyll dei i kaldt vatn.
Ha dei i ei mugge som tåler varme eller tekanne.
 Kok opp ca 1 liter vatn og slå det over mynteblada.
La det trekke 5-6 min. og sil frå blada.
Ønsker du ein søta iste har du i litt sukker etter smak.
Eg brukar ikkje det, men det er ei smaksak.
Avkjølast før det det settast i kjøleskap.
Serverast iskald, gjerne med isbitar og sitron i.




 Nydelig og leskande tørstedrikk som passar godt om sommaren.
Det fine med denne er at den er heilt utan tilsetningsstoff og 
sukkermengda bestemmer du sjølv.




Mange av dei ferdigkjøpte og halvfabrikata har unødvendig mykje sukker i seg.




Er du glad i mynte er denne midt i blinken!
Og så enkelt at alle kan greie det!



Og så eit tips tilslutt: 
 Har du  planar om å skaffe deg ei mynte -
plant den i ei stor krukke for den sprer seg noko vanvittig og tek fort over heile bedet
den er planta i:)

Lukke til, håper mynte-iste kan freiste:)
(Du kan sjølvsagt også drikke den varm som vanleg te)


PS:
Har du sakna meg?
På grunn av dataproblem har motivasjonen for blogging vore liten.
No er problema løyst og eg er tilbake:)
Hurra!