lørdag 17. oktober 2015

Eplekake i langpanne.




Eplekakeoppskrifter kan ein ikkje få for mange av.
Her er ei god og saftig eplekake som skal lagast i langpanna.
Denne oppskrifta er ei av mine gamle som har gått litt i gløymeboka.
Så skulle mannen ha med seg kake på eit arrangement og spurte om eg kunne lage ei 
eplekake i skuffe. Så då kom denne fram i lyset igjen. Det som er litt spesielt med denne er at
mjelk og smør skal kokast og tilsettast varm i eggedosisen. Det gjev ein heilt spesiell smak
og konistens. Eg reduserte ein del på sukkermengda for eg synest eit halv kilo
høyrest litt mykje ut. Men den var enno litt i søtaste laget synest eg 
så ein kan trygt redusere litt til.

Her er oppskrifta:

EPLEKAKE I LANGPANNE.

4 store egg
350g sukker (oppr.500g)
2,5dl mjelk
250g smør
450g kveitemjøl
3ts bakepulver
-----
4-6 eple 
sukker og kanel
Start med epla. Skrell dei og skjer i litt store terningar. Har du ein kjerneutstikkar går det superraskt. Legg eplebitane i ein plastpose og dryss over ca 2ss sukker og 2 ts kanel. Bland godt saman. Sett steikomnen på 180grader. Pisk egg og sukker til eggedosis. Kok opp mjelk og smør og avkjøl litt. Det skal framleis vere godt varmt når det tømmast i eggedosisen. Rør godt saman. Bland bakepulver i mjølet og sikt det i eggedosisblandinga. Bruk ein slikkepott eller flat visp og rør forsiktig mjølet inn. Pass på at det ikkje ligg væske att i botnen, men ikkje rør for mykje. 



 Tøm røra i bakepapirkledd langpanne og dryss epla over. Slå også over den safta som ligg att i posen. Trykk gjerne epla litt ned i røra. Steikast midt i omnen ca. 30 min. Kjenn etter med ein pinne eller fyrstikk. Er det deig på må den stå litt lenger. Avkjølast på rist i langpanna. 



Smakar nydelig lunka med litt piska kremfløte til. Mmmmm!
Super kake om du skal lage til mange eller ha med deg ei kake på eit møte
eller liknande.

Lukke til!


onsdag 7. oktober 2015

Blomkål m/ bacon



Eg har blese støv av ei gammal oppskrift igjen:)
Dette laga eg ofte "før i tida" (høyrest ut som eg er veldig gammal!)
Heilkokt blomkål med sprøsteikt bacon, kvit saus og grøne erter. Veldig smakfullt rett. 
Og no er blomkåla billige så då kan ein fråtse litt ekstra.




Til 4 personar treng du:

1 stort blomkål eller 2 mindre
250-300g bacon
1pk. frosne erter
-------------------------
Pynt:
1 liten bunt grasløk
2-3 tomatar

Kvit saus:
3ss smør 
3ss kveitemjøl
 5-6dl mjelk
salt
pepar

Vask og rens blomkålen og kok møyr i lettsalta vatn 8-10 min. Det må ikkje kokast i stykker, det skal vere litt fast.  Skjer bacon i terningar og fres i panna til det er sprøtt. Lag kvit saus og smak til. Den skal vere litt tjukk. Gi ertene eit oppkok. Legg blomkålet på eit stort serveringsfat og tøm rykande varm kvit saus over. Dryss over bacon og grasløk. Legg ertene rund og pynt med tomat.


 Mmmmm...dette er godt:)





Håper du vart freista til å prøve denne gode retten!

Velbekome og lukke til:)


søndag 4. oktober 2015

Verdens beste eplekake



Her får du oppskrift på ikkje noko mindre enn verdens beste eplekake!
Kan vel ikkje akkurat dokumentere at den er det, men den heiter faktisk det.
Veldig saftig og smakfull kake så denne anbefalar eg  absolutt.

Her er oppskrifta:

VERDENS BESTE EPLEKAKE

150g. smør eller margarin
150g sukker
2 egg
150g. kveitemjøl
1ts bakepulver
4 store eple
75g rosiner
50g mandlar eller nøtter
perlesukker
Kle botnen på ei rund form 24cm med bakepapir eller smør den. Sett steikeomnen på 175grader.
Legg rosinene i bløyt i litt vatn med romessens, rom eller noko anna godt frå barskapet.
I mangel på noko anna brukte eg sherry denne gongen og det var veldig godt.

Rør smør og sukker kvitt og luftig. Tilsett egga eit om gongen, rør godt mellom kvart egg. Bland
bakepulveret i mjølet og sikt det i røra. Bland godt. Skrell epla og skjer dei i båtar. Fyll ca 2/3 av røra
i forma og legg epla tett i tett i eit pent mønster.


Slå væska av rosinene og dryss dei over epla. Legg resten av røra utover i små klattar. Det vil flyte 
i hop under steiking. Grovhakk mandlar/nøtter og dryss over. Strø perlesukker over til slutt.



Steikast midt i omnen ca 55 min. Det var akkurat passe til min omn, men sidan omnane er så 
forskjellige kan det variere. Kjenn etter med ei fyrstikk om du er usikker.



Avkjølast litt på rist. Smakar aller best lunken med piska krem til.



 Når den skal serverast nysteikt og litt varm slik som her kan det vere vanskelig å få den 
over på fatet. Då kan du gjere slik som eg har gjort - legg den på fatet med botnen til forma på.
Då risikerer du i allefall ikkje at kaka går i stykker. Men då er det ein fordel at det er bakepapir
under slik at ein slepp å skjere rett i metallet. Når kaka er heilt kald er det lett å få vekk
bakepapiret - om det skulle vere igjen noko kake då:)


Mmmmm....saftig , mjuk og god eple kake!
Eller som mannen sa: den er fløyelsmjuk!





Då seier eg berre velbekome, 
håper verdens beste eplekake fell i smak!

Og det er veldig kjekt med tilbakemeldingar om de har prøvd nokon av oppskriftene,
enten i kommentarfeltet under den oppskrift det gjeld eller på facebook!